Hopp til innhold

Vis bålvett også når du hentar fram eingongsgrillen

I det flotte vårvêret kan nok mange la seg freiste til å fyre opp eingongsgrillen, eller lage seg eit lite kaffibål.

Kaffe på bål

BÅLKOS: Bål i skogen er lov, når det er sikkert at det ikkje kan gjere skade.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

Sjølv om brannfaren kanskje ikkje er den aller største akkurat no er det likevel visse reglar ein må følge.

Frå 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp bål i nærleiken av skog og utmark utan løyve, seier vaktleiar ved alarmsentralen, Kolbjørn Øvrebotten.

Frå 15. april gjeld eit generelt bålforbod i Norge, men i fjor vart reglane noko oppmjuka så no er det lov å gjere opp eld der det heilt klart ikkje kan medføre brann.

– Men ein bør vise aktsemd når ein skal gjer opp bål i dette tidsrommet, og særleg dersom det skulle bli turt lenge, seier Øvrebotten.

Stort sette flinke

– Men eg har inntrykk av at folk stort sett er flinke, seier Øvrebotten.

– Ja, kva bør ein tenke på når ein skal gjere opp eit bål?

– Ein bør berede grunnen litt, og legge ut stein, og så bør ein ha tilgang på vatn. Det gjeld også dei som hente fram eingongsgrillen.

Engangsgrill

GRILLSESONG: Når vårsola byrjar å varme kan det vere kjekt å ta med seg eingongsgrillen på tur.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Varsle alarmsentralen

For dei som har fått løyve til brenne større bål, i samband med til dømes rydding av kvist og liknande i landbruket, så vil gjerne alarmsentralen også ha eit varsel.

– Vi har vore kontakta av fleire no før helga som skal brenne kvist. Då får vi registrert det i kartet vårt dersom det skulle skje noko, og bålet kjem ut av kontroll, seier Øvrebotten.