– Situasjonen er ganske kritisk. Det er dramatiske fall i mengda viper frå 70- og 80-talet og fram til no, og mange stadar er der under 10 % av bestanden igjen, seier ornitolog, og tidlegare mangeårig leiar av Norsk Ornitologisk Foreining, Alv Ottar Folkestad.
– Andre stadar er den heilt borte, legg han til.
For vipa blei raudlista i 2006 (ifølgje nettsidene til Norsk Ornitologisk Foreining), og den vesle fuglen er dermed utryddingstruga. For mange har fuglen vore eit vårteikn – eit vårteikn som no forsvinn gradvis.
Bøndene har passa på vipa
Naustdal er ein av stadane der vipa er eit sjeldan syn. For nokre tiår sidan var der viper overalt, men år for år har det gradvis minka. I år har ikkje bonde Eiliv Erdal funne eitt einaste vipereir – i fjor var der mange.
– Dersom det hadde vore viper her, som hekka, så hadde dei gjeve klar beskjed om at vi var uønskja, seier Erdal, medan han går over markene der vipene vanlegvis oppheld seg.
Vipa har vore blant dei elska fuglane i Noreg, og bøndene har til alle tider passa på at fuglen ikkje kjem til skade. For vipa legg reira sine på åkrane.
– Eg har vanlegvis brukt ei bøtte til å legge over reira. Eg har hatt ho hengande på gyllevogna, og når eg har sett reir, så har eg lagt bøtta over. Så har eg køyrt forbi med gylleproduksjon, før eg gjekk tilbake og henta bøtta.
– Dermed var reira framleis reine og fine, fortel bonden.
(Saka held fram under bildet.)
– Trist
– I år har ikkje bøtta vore i bruk éin einaste gong. Før var det inn og ut av traktoren heile tida, fortel Erdal – som har vakse opp med vipene og blitt opplært av far sin til å passe på den kjende fuglen.
– Kva tenkjer du når vipene ikkje kjem som før?
– Det er trist. Eg har gleda meg over synet av vipene, og lyden dei lagar om sommaren. Det har vore eit kjærkoment syn, og det er ein fin del av våren.
Det er framleis viper i Sogn og Fjordane, men trenden er den same i heile landet; det blir færre viper. Sjølv på Jæren i Rogaland, der vipene har samla seg i enorme flokkar, er bekymringa stor.
(Saka held fram under bildet.)
"Årets Fugl"
Og Norsk Ornitologisk Foreining er også bekymra. Derfor er vipa plukka ut som "Årets Fugl 2012" – og er med det den første fuglen som har vore "Årets Fugl" to gonger. Den var årets fugl i 1994 òg.
– Fokuset på fuglen er sjølvsagt fordi den er utryddingstruga. Vi har prioritert arten i år, og skal samle inn opplysningar slik at vi forhåpentlegvis får nokre svar, fortel ornitolog Folkestad.
– Vi skal få oversikt over kor mange fuglar som er igjen, kvar dei finst, og eventuelg kva som kan gjerast for å stoppe tilbakegongen.
Forandringar i jordbruket
Grunnen til at vipa har blitt raudlista, er samansett.
– Endringane i kulturlandskapet er ein stor del av årsaka. Om ein tenkjer på kva som har skjedd innanfor landsbruksnæringa, så var der ein ekspansjon og ei intensivering på 60- og 70-talet. Det var mykje neddyrking og grasproduksjon, og for vipa var dette uhyre gunstig.
– Då hadde vipene opne åkerområde med mat, akkurat i det dei kom til våren. Når ungane klekkja, i mai og juni, så fekk dei siloslått. Kortklippa gras og opne område, gjorde at dei fann insekt, fortel Folkestad.
Nedlegging av mange gardar, og meir maskinelt utstyr har hive trenden i motsett retning.
– Mange stadar har det vakse igjen, og det er i ferd med å gro igjen mange ander stadar. då blir området ikkje brukandes for vipa. I tillegg er tung maskinell drift ikkje positivt, for det gjer at smådyra i jorda utviklar seg dårlegare.
Måse og vipe – matfugl på forskjellige stadar
Kalde vintrar i Europa har òg vore tøft for vipa. Samtidig er vipa ein ynda matfugl.
– Jakt i Frankrike og Sør-Europa er nok ein del av grunnen til at vipa er raudlista. Framover vil vi setje press for å få letta delar av jakttrykket, fortel Folkestad – som gjekk av som leiar i Norsk Ornitologisk Foreining tidlegare i år.
Forandringar i jordbruket, jakt og klima – bonden Eiliv i Naustdal trur på alle grunnane. Samtidig ser han ein annan grunn lokalt.
– Eg meiner måsebestanden og vipebestanden er direkte knytt saman. Eg ser kva måsen gjer, og mine auge har måsane drive vekk vipene. Måsane tek veldig føre seg, meiner Erdal.
– Eg likar vipene atskilleg betre enn måsane. Her var viper, kjeld og ein heil haug med fuglar då eg var ung, men no er det berre måseliv.
Han gjev eit godt eksempel på kvifor han likar den eine og mislikar den andre.
– I kaffipausane mine kunne eg tidlegare sjå på vipene, som sang fint og styra på. Det er ikkje fullt like morosamt å bli vekt av måsen. klokka fem om morgonen, når dei har funne seg eit vipereir å gå laust på.
– Men som sagt, måsebryst av ungfugl er veldig godt. Det kan anbefalast på det varmaste, avsluttar Erdal humoristisk.