Vinteropen vikingby trekker turistar

AURLAND (NRK): For første gong har vikingbyen i Gudvangen halde ope vinterstid. Det har gitt resultat.

Vikingturisme i Gudvangen

VINTERTURISME: Turistar får prøve vikinglivet i Gudvangen.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Vikingbyen er ein av dei nyaste attraksjonane i reiselivskommunen Aurland.

– Vikingstemninga har slått godt an, og turistane er overvelda. Opplevinga på vinteren er kanskje meir ektefølt enn om sommaren. Dei må kjenne litt på vêret og søke innandørs. Det er litt meir tøffe forhold, med bål og faklar og trommar, slik at du får ei veldig magisk stemning, fortel styreleiar Torill Hylland.

– Gode erfaringar

For første gong i historia har turistbedriftene i Flåm og Gudvangen halde ope kvar einaste dag gjennom heile vinteren. Det har gitt resultat.Frå november til mars har det vore 15 prosent auke i turisttrafikken i Flåm.

– Erfaringane er svært positive. Heilårsturisme er viktig for oss. Både for å få turistane spreidd så ikkje alle kjem om sommaren, men og for å trygge å utvikle arbeidsplassar, seier Øivind Wigand i reiselivsselskapet Flåm AS.

Øivind Wigand

VINTERSUKSESS: Øivind Wigand i reiselivsselskapet Flåm AS.

Foto: Artur do Carmo / NRK

Før var det mørkt og trist

Selskapet omfattar både Fretheim Hotell og fleire av reiselivsverksemdene i Flåm. Så langt har tilbakemeldingane frå vinterturistane vore positive.

– Tidlegare når det kom turistar hit om vinteren var det mørkt og trist. No er det lys i alle vindauge slik at det ser koseleg ut. Og ikkje minst så får dei eit tilbod når dei kjem hit – dei kan kjøpe kaffi, suvenirar eller overnatting, seier Wigand.

– Det er ikkje alle som vil ha sol og grøne åsar, dei vil oppleve oss også når det er vinter – ta litt på snø. Det er det ikkje alle som har prøvd, seier Wigand.

Torill Hylland og Georg Hansen

SATSAR OM VINTEREN: Styreleiar Torill Hylland og Georg Hansen i Vikingbyen i Gudvangen.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Rike turistar

Det er mest individuelle reisande som har besøkt vikingbyen i vinter. Men Hylland ventar at vinterope vil bere større frukter i framtida.

Berre denne første vinteren deira har kring 120 turoperatørar besøkt Vikingbyen med tanke på å sende turistgrupper hit, også i den kalde årstida. Dei som kjem om vinteren har ofte tjukke lommebøker og veit kva dei vil ha.

– Dei brukar mykje pengar, er svært reisevande, seier Hylland.

Fleire tilsette

Hylland gler seg over utviklinga. Ho har saman med mannen drive hotell i Gudvangen i mange år. Også der opplever dei den auka interessa for å feriere i Noreg om vinteren. Seinast for fire år sidan var dei åleine, og selde kanskje ein kopp kaffi eller eit postkort til nokon som stod og venta på ferja vinterstid.

– I vinter har vi seks tilsette på fulltid. Det seier litt, seier Hylland.

Vikingturisme

VIKINGLIV: I Gudvangen er det bygt opp ein autentisk vikinglandsby er der turistane kan få oppleve korleis det var å leve i vikingtida.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK