Hopp til innhold

Mie og Thea tek vinterferien i bassenget: – Mykje betre enn regnet

LUSTRABADET (NRK): Regnvêr og dårlege skiforhold gjer at ferierande rømmar frå fjellet og inn i symjehallane. Badelanda jublar over besøkstala.

Barn i badeland i Luster.

FERIE I VATNET: Saman med eit 50-tals andre barn, vitja Mie og Thea badelandet i Luster tysdag.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Ein våt og sur vinter gjer at folk strøymer til badeanlegga fleire stader i Noreg for å få kjenne på litt varme.

I Gaupne i Sogn slo eit 50-tals ungar seg laus i Lustrabadet tysdag.

– Det er gøy og mykje betre enn å vere ute i regnet, slår tolvåringane Mie og Thea fast frå bassengkanten.

Utanfor regnar det, og ungane vil altså helst vere i det varme bassenget.

– Vi var nøydde å sette ekstra folk når vi såg vêrmeldingane, seier dagleg leiar Siv Merete Marås i Lustrabadet.

Dagleg leiar i Lustrabadet, Siv Merete Marås, kan smile denne vinterferien.

MYKJE FOLK: – Det er berre koseleg, vi likar når det er liv og røre, seier dagleg leiar i Lustrabadet, Siv Merete Merås.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– 400 prosent auke

Også i Sarpsborg er det dårlege vintervêret godt nytt for badelanda. Driftssjef Ota Kapoun ved Superland har hatt fulle hus dei siste dagane.

– Det er truleg 400 prosent auke frå ein vanleg dag for oss, seier han til NRK onsdag kveld.

Mangel på snø og is som gjer at vinteraktivitetane blir bytta ut med leik og moro i bassenget.

– Det er heilt fantastisk, eg kjem nett frå jobb og det var full rulle.

TORSDAG ETTERMIDDAG

MEIR REGN: Torsdag er det venta meir regn i store delar av Sør-Noreg. Dette kartet viser kva som er venta torsdag ettermiddag.

Foto: yr.no

Sette rekord i januar

Januar var den våtaste i Noreg sidan målingane starta. I Bergen gav det Ado Arena ny besøksrekord med 38.500 besøkande, opp nesten 10.000 frå i fjor.

– Fantastisk, samanfattar administrerande direktør Håkon Egeberg Johansen,

– Det er gode tider, vi merkar at folk vil inn frå regnvêret, seier dagleg leiar Mette Thormodsen ved Vannkanten Badeland i Bergen.

Først neste veke er det vinterferie i bergensområdet. Vêrmeldingane syner alt anna enn sol og varme. Erfaringane frå andre deler av landet denne veka, er godt nytt for bergenske badeland.

Johansen i Ado Arena er førebudd på storinnrykk.

– Det kan bli 10.000 besøkande berre i neste veke. Vår største konkurrent er sola.

Laber aktivitet på Heggmyrane

LABERT BESØK: Det er ikkje like mykje folk på Heggmyrane som det plar vere i ein vinterferie. Det dårlege vêret må ta skulda.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Nedtur i skitrekket

Sogn Skisenter på Heggmyrane i Luster, må sjå badekonkurrenten nokre kilometer unna stikka av med dei fleste gjestane i vinterferien.

For dagleg leiar Runar Henning Tørvi er vinterferien langt frå like hektisk.

– Skal du trekkje store folkemengder hit, så vil dei ha glansbildet sitt med appelsin, blå himmel og kose seg. Det er trivelegare då.

Han forstår at folk blir borte og vêret kan han ikkje gjere stort med.

Om vêret skulle slå om og bli kaldare så trur ikkje sjefen ved Lustrabadet at det blir noko krise.

– Då kan dei gå på ski ein dag, så kan dei kome tilbake og bade dagen etterpå, seier Merås.