Hopp til innhold

Skogekspert har aldri sett liknande – bartrea er brunsvidde etter vinteren

Barskogen har fått store skader etter vinteren. Frå Rogaland i sør til Bodø i nord står trea brunsvidde. I verste fall har røtene fått varige skader og trea kan tørke ut.

Created by InfoDispatcher

OMFATTANDE: Skaden på barskogen, som her i Gaular, er omfattande. Men enno er ikkje det mogleg å fastslå det økonomiske omfanget.

– Eg aldri sett noko liknande på dei tretti åra eg har jobba her i Sogn og Fjordane, seier fylkesskogmeister Merete Larsmon.

I månadsskiftet mellom april og mai byrja det å tikke inn meldingar frå uroa skogeigarar fleire stader i landet. Observasjonane fortalde om brune bartre og nåler som byrja å falle av.

På torsdag var fylkesskogmeisteren på rundreise for å få eit overblikk over situasjonen. Med seg hadde ho ein av dei fremste ekspertane på skogsskade her i landet, Halvor Solheim frå Norsk institutt for skog og landskap.

Det dei fekk sjå gjorde inntrykk. For vinteren har sett tydelege spor. Sterk vind, lite nedbør og mangel på snø har gjort at bartrea står brunsvidde attende.

Kan tape fleire hundre tusen kubikkmeter

Dei verste skadane såg dei i Nordalen i Fjaler, i Viksdalen i Gaular og i Ortnevik på sørsida av Høyanger.

Enno er det for tidleg å seie om skogen vil greie å hente seg inn att.

– Viss det er skader på rota, og treet ikkje klarer å skyte knoppar på nytt, så betyr det at det er lite vasstrøyming i gjennom treet. Då vil det sannsynlegvis tørke på rot, seier Larsmon.

Skjer det, må skogeigarane bu seg på å hogge skogen langt tidlegare enn planlagt. Den endelege fasiten kjem først til sommaren. Men det er allereie på det reine at trea i år vil vekse vesentleg mindre som følge av skadane.

– Tapet får vi på lang sikt ved at vi mistar nokre hundre tusen kubikkmeter i såkalla tilvekst. Kvart år så veks jo skogen litt over alt. Viss vi samlar det opp, blir det ganske mange hundre tusen kubikkmeter til saman. Noko av det går tapt, seier ho.

Har ikkje mista trua

Edvin Øvrestrand er skogeigar i Viksdalen. Han har fått merke følgene etter vinteren.

– Delar av skogen er veldig brun og då spesielt grana. Eg har òg granfelt som er heilt normale, men eitt felt er veldig medtatt, seier han.

Ifølgje ekspertane vil fasiten på om skogen greier seg først vere klar i juni. Då ser ein om trea greier å skyte nye knoppar.

– Vi er ikkje hundre prosent sikre på om det er dødt, eller kva det er. Men er det dødt, er det om å gjere å avverke det og få i gang ny produksjon, seier Øvrestrand.

Sjølv om trea skulle klare seg, vil vinteren få konsekvensar.

– Eg vil få veldig redusert tilvekst. Det er litt tragisk at dette kom no, for det er desse siste femten åra at trea verkeleg legg på seg, seier Øvrestrand.

No går han nokre usikre månader i vente. Men skogeigaren vil likevel ikkje svartmåle situasjonen.

– Vi må ikkje grave oss ned i problema. Eg har i alle tilfelle ikkje mista trua på skogbruket, seier Øvrestrand.