Vindkraftverket tok drikkevatnet til innbyggarane

Då kraftselskapet starta gravinga, vart drikkevatnet udrikkeleg. I snart åtte månader har dei vore nøydde til å levere vatn på døra.

Knut-Jarle Beitveit

LEI: Knut-Jarle Beitveit frå Borgundvåg i Stad kommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er ikkje slik det skal vere, vi trudde dei skulle vere raske med å ordne dette, seier Knut-Jarle Beitveit.

Bustadhuset ligg idyllisk til i Borgundvåg på Stadlandet. Her har reint drikkevatn i springen vore eit sjølvsagt gode, til no.

Sidan september i fjor har gravemaskinene jobba seg oppover i terrenget mot toppen av Stadlandet, der skal det kome fem vindturbinar. Like lenge har folk vore utan reint drikkevatn.

Kryssinga av elvar og bekkar har gjort vatnet i kranene udrikkeleg. Det kan berre brukast i do eller til hus- og klesvask.

No kjem drikkevatnet på plastdunkar frå kraftselskapet. Når lageret i garasjen går tomt, ringer Beitveit for å få meir levert på døra, andre gonger plukkar han dei opp på hotellet i nabobygda.

– Eg er skuffa over dei som bygger ut, seier Beitveit.

Fleire stadar i landet har vindkraftverk ført til bråk om reint drikkevatn.

I Buvika i Tromsø har folk vore utan i tre år.

– Var førespegla ei rask løysing

Ifylgje Beitveit vart naboane førespegla at ny drikkevasskjelde skulle på plass før utbygginga starta, det same inntrykket fekk ein annan nabo NRK har snakka med.

Men i ein e-post til NRK avviser utbyggar Falck Renewables at dei har lova dette. Ifylgje Fjordabladet er i alt ni hus utan drikkevatn.

OKLA: På Stadlandet i Nordfjord er vindkraftverket under bygging.

Sidan bygginga starta har likevel Falck jobba med å få til ein ny felles drikkevassbrønn. Men Beitveit meiner åtte månader er altfor lang tid.

– Det har vore utsetjingar på utsetjingar, no har det vore opphald i arbeidet i fleire dagar, så set dei brått i gong att.

Knut-Jarle Beitveit

BÆRING: Frå å ha reint vatn i springen har Beitveit måtte passe på å ha nok dunkar i garasjen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Skuldar på covid-19

I ein e-post skriv Scott Gilbert, som er direktør i Falck Renewables, at forseinkingane skuldast koronapandemien.

– Diverre har leveransane av nokre komponentar blitt forsinka på grunn av covid-19, skriv Gilbert.

Men no lovar dei at monteringa skal vere ferdig innan to veker. Deretter står det att å få godkjenningar frå kommunen og Mattilsynet.

Gilbert seier testar så langt tilseier at bygda vil få godt drikkevatn når alt er klart, og at grunneigarar har blitt orienterte om framdrifta i tråd med avtalene.

Men Knut Jarle-Beitveit, som ikkje er grunneigar, meiner ventetida har vore altfor lang.

– Det er utbyggarane som sit med ansvaret. Det burde ikkje ta så lang tid for eit så stort selskap.