Hopp til innhold

Staten vil ikkje planlegge vindkraftverk her: - Då blir det neppe utbygging

Vindkraftmotstandarar jublar etter at Olje- og energidepartementet seier nei til å behandle planane for utbygging av vindkraft på Bremangerlandet.

Utsikt frå Steinfjellet. I dette området er det planlagt 18 vndturbinar i Bremangerlandet vindkraftverk.

GLER SEG: Vindkraftmotstandarar gler seg over vedtaket til departementet. – Då blir det mest sannsynleg ikkje utbygging, seier Jørund Nygård.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Denne veka melde Olje- og energidepartementet at dei seier nei til å behandle planane for utbygging av vindkraft på Bremangerlandet.

Spørsmålet vart stilt av vindkraftutbyggar Sogn og Fjordane Energi (SFE), og kjem etter ein lang konflikt med vertskommunen.

Konflikten toppa seg da Bremanger kommune ikkje ville gi ein dispensasjon frå plan- og bygningsloven, slik utbyggaren trengde.

SFE bad då om ein såkalla statleg arealplan, som i praksis betyr at selskapet ber staten om å overstyre kommunen.

No seier departementet at det vil dei ikkje gjere, og sender ballen tilbake til vertskommunen.

– Vi er naturlegvis skuffa over vedtaket, seier Jannicke Lindvik, kommunikasjonssjef i Sogn og Fjordane Energi.

Vindkraftmotstandar Jørund Nygård, som kjem frå Bremanger, jublar over vedtaket.

– Dette er vi utruleg glade for. Då blir det mest sannsynleg ikkje utbygging, seier han.

Har ikkje bestemt vegen vidare

Bremangerlandet vindkraftverket fekk konsesjon i 2017 av dåverande olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) etter at NVE først avslo søknaden.

Fleirtalet i kommunestyret har sidan snudd frå ja til nei, og brukt «vetoretten» som ligg i å nekte utbyggaren dispensasjon frå arealplanen.

I dette tilfellet skal vindturbinane ligge i eit område som er regulert som landbruks-, natur og friluftsområde.

I utgangspunktet kan det ikkje byggjast vindkraftverk i slike LNF-område. Med mindre kommunen gir dispensasjon.

– Vi vil den næraste tida sjå korleis vi kan ta prosjektet vidare, seier Jannicke Lindvik i Sogn og Fjordane Energi.

– Kjem de til å sende ein søknad til Bremanger kommune?

– Det er eitt av alternativa vi har. Men no vil vi bruke den næraste tida på å finne ut korleis vi tek det vidare.

Kart som viser Bremangerlandet vindkraftverk
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Trur på nytt nei

Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde (Ap) kjenner seg trygg på at politikarane vil seie nei enda ein gong om selskapet sender ein ny søknad.

– Vi håpar det. Det var mange som lova i valkampen at Bremangerlandet vindpark ikkje var ønskt, og det trur eg politikarane står for, seier ho.

Anne Kristin Førde, ordførar Bremanger

TRUR PÅ NYTT NEI: Ordførar Anne Kristin Førde (Ap) trur kommunepolitikarane vil seie nei om SFE sender ein ny søknad.

Foto: Bård Siem / NRK

– Rett avgjerd

– Dette var ei heilt riktig avgjerd av departementet. Vi må først og fremst rette ei stor takk til lokalpolitikarane for dette avslaget, seier Roy Ove Svarstad.

Han er grunneigar og administrator i gruppa «Nei til SFE BKK vindkraft».

– No håpar vi at SFE innser at det rette er å avslutte alt arbeid med denne konsesjonen.

Andreas Thon Aasheim er spesialrådgivar i Norwea, ein interesse- og lobbyorganisasjon som arbeider for å fremme norsk fornybar energiproduksjon.

Han seier alt ligg til rette for ein ny behandling og at vilkåra for å gi dispensasjon frå kommunens arealplan er oppfylt.

– Vi reknar med at SFE søker om ein ny dispensasjon, og ser fram til kommunen si behandling.

Protest mot vindmøllepark på Bremangerlandet

Tysdag melde Olje- og energidepartementet at dei seier nei til å behandle planane for utbygging av vindkraft på Bremangerlandet. Spørsmålet kom etter ein lang konflikt mellom utbyggar og vertskommune.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK