Hopp til innhold

Fornya optimisme i vindkraftbransjen etter nye reglar

Nye skattereglar gjer at vindkraftbransjen har fått fornya tru på at det blir lønsamt å bygge vindturbinar.

Vindmøller

NY TRU: Etter at regjeringa har kome med framlegg til nye skattereglar for vindkraft, har bransjen fått fornya tru på framtida.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Eg vil seie eit takk for sist til dei som hevda at dette ikkje vart noko av. Tolmod må vi ha. Spesielt her, der mange piler peikar nedover, så må ein prøve å heie fram dei sjansane som er for ny verdiskaping, seier dagleg leiar i Vestavind Kraft, Stig Svalheim.

Han er letta og glad over meldinga som regjeringa kom med i framlegget til statsbudsjett. Der kom det forslag om nye avskrivingsreglar som skal gjere det meir lønnsamt å bygge vindturbinar. Det skjer etter at fleire store selskapet har sagt at dei ikkje lenger har trua på vindkraft. Årsaka er at kostnaden ved møllene er større enn prisen for straumen.

Stig Svalheim i Vestavind kraft

LETTA: Stig Svalheim i Vestavind Kraft er spent på kva som faktisk ligg inne i regjeringa sine nye reglar for vindkraftutbygging. Han trur det er realistisk å få til fleire prosjekt.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Like vilkår som i Sverige

Dei meir gunstige avskrivingsreglane som no er lagt fram skal gjere det lettare å bygge ut vindkraft. I Sverige har ein hatt ei slik ordning over lengre tid, noko som gjer at norske prosjekt har blitt sett på vent.

– No blir det ei ramme rundt oss som gjer at vi kan få prosjekt i Norge og. Mange vil nok påstå at det er viktig å få mest mogleg verdiskaping her, seier Svalheim.

Også Venstrepolitikar Sveinung Rotevatn er begeistra for at regjeringa har teke til seg framlegget, som Venstre var først ute med.

– I eit elles trist miljøbudsjett, så er grøne avskrivingsreglar for vindkraft eit viktig lyspunkt. Venstre har kravd det lenge no. Tre-fjerdedelar av vindkraftinvesteringane har kome i Sverige, fordi dei har betre skattereglar enn oss. No får vi like skattereglar, som gjer at vi kan bidra til meir fornybar energi i Norge. Det er bra at regjeringa leverer på det punktet, seier Rotevatn.

Håpar å snu tap til vinst

Endringane frå regjeringa er truleg på høg tid. For berre ein månad sidan fortalde NRK om at dei fleste store kraftselskapa på Vestlandet hadde mista trua på vindkraft. Utan å få opp ei einaste vindmølle, hadde sju store selskap tapt nær ein kvart milliard kroner.

BKK var av selskapa som var tydelege på at dei hadde skrota vindkraftplanane, og heller satsa fullt på vasskraft, fordi rammevilkåra og låge kraftprisar gjorde vindkraftprosjekt meir krevjande å få til.

Varselet om dei nye endringane kjem samstundes som NVE også har gjeve løyve til bygging av tre nye vindkraftprosjekt i fylket. Eit av dei gjekk til Vestavind Kraft på Hennøy i Bremanger.

– For vindkraft i fylket har det vore veldig godt momentum no. Det har teke tid å få kraftlinja Ørskog-Fardal på plass, men den er i full gang, og kjem på plass i 2016–2017. Og når vi no får konsesjonar og prisar på plass, så kan vi rekne med at det blir realisert utbygging, seier Svalheim.

Veit enno ikkje kva endringane vil bety

Likevel tek Svalheim atterhald, for detaljane i det nye regelverket er ikkje utarbeidde. Dermed er det vanskeleg å vite kor mykje statsråd Tord Lien sine endringar faktisk betyr.

– Det blir sagt at det blir jobba på spreng med å få på plass konkret innhald. Det ser vi fram til å sjå, slik at vi ser kva beløp det kan vere snakk om, fortel Svalheim.

Sveinung Rotevatn

TILHENGAR: Stortingspolitikar frå Venstre, Sveinung Rotevatn, meiner vindmøller ikkje er eit mål i seg sjølv, men noko som krevst for å få meir fornybar energi.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Miljørørsla er splitta i synet på vindkraft. Stiftinga Zero helsar fornybar kraft velkome, medan Den Norske Turistforening og Naturvernforbundet er langt meir skeptiske.

Sveinung Rotevatn i Venstre håpar tilhengarane av vindmøller no får meir vind i segla.

– Vindmøller er ikkje eit mål i seg sjølv, men det er eit mål å få ned klimagassutsleppa. Då må vi erstatte den fossile energibruken i Norge med elektrisk kraft, det gjeld energi til bruk i bilar, hus og på norsk sokkel. Vi har høge CO2-utslepp, og treng meir fornybar energi. Med nye skattereglar for til dømes vindkraft, så kan det bli meir fornybar energi, og det støttar Venstre, understrekar Rotevatn.