Hopp til innhold

Vindkraft vil påverke valresultatet

Nesten tredjeparten av veljarane i Vestland seier ja på spørsmålet om vindkraft påverkar partivalet deira. To tredjedelar seier nei.

SMØLA

VINDKRAFT: Dilemmaet for mange er klima eller naturvern, seier Venstre.

Foto: Kjell Herskedal / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Debatten om vindkraft er ei av sakene som har prega valkampen.

Konfliktnivået har auka dette året. Fleire stadar i landet er det byggestart for vindkraftanlegg, nokre av dei har hatt konsesjon i årevis, men fyrst no i takt med betre lønsemd går spaden i jorda.

På same tid har NVE lagt ut ein nasjonal rammeplan for vindkraft som har vekt uro i mange lokalsamfunn.

Meiningsmålinga syner at 29 prosent av veljarane i Vestland lar partivalet bli påverka av vindkraft. 63 prosent svarar at dei ikkje lar seg påverke.

1000 personar er spurte av Sentio Research på oppdrag frå NRK og lokalaviser i Sogn.

Påverkar spørsmålet om vindkraft ditt partival?

Periode 12/8–16/8. 1000 intervjuer. Feilmarginer fra 1,9–3,1 pp.
Ja
29,0 %
+NaN
Nei
63,0 %
+NaN
Usikker
8,0 %
+NaN
Kilde: Sentio Research AS

– Saka går rett i sjela til Venstre-veljarar

Målinga gir ikkje svar på om folk er for eller i mot vindkraft, men om dei engasjerer seg i saka.

Engasjementet er aller størst hjå veljarane til Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt. Her engasjerer vel halvparten av veljarane seg, også i SV og Venstre er engasjementet stort, nær 40 prosent av dei spurte lar vindkraft påverke partivalet.

Toppkandidat i Vestland Venstre, Gunhild Berge Stang, er ikkje overraska.

– Venstre er eit miljøparti, og her står to ulike miljøomsyn opp mot kvarandre. Klimakrisa, og omsynet til det klassiske naturvernet. Saka går rett i sjela til venstreveljarar, seier Stang.

Berge Stang meiner den omstridde rammeplanen for vindkraft har vekt panikk hjå folk.

Gunhild Berge Stang

DILEMMA: Fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang (V).

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Rammeplanen frå NVE blir feilaktig oppfatta som ein utbyggingsplan. Ein får inntrykk av at folk skal verte teppebomba med vindmøller, at det skjer fort og at ein ikkje har noko ein skulle sagt.

– Toler Vestlandet meir vindkraft?

– I den grad det skal byggast ut må det skje i område det er utbygd frå før av. Det finst område der ein kombinerer vindpark med anna industri, seier Stang.

nve_nasjonal_ramme_vindkraft_0419

Høgre og Frp-veljarar minst opptekne av vindkraft

Veljarane til Frp og Høgre lar i minst grad vindkraft påverke partivalet. 17 prosent av Høgre sine veljarar, og 18 prosent for Frp.

Ifylgje Høgre må veljarane finne ut lokalt kva partiet sine folk meiner.

– Det er delte meiningar og sterkt engasjement i Høgre. vi er opptekne av å snakke fram klimavenleg energi, seier andrekandidat til fylkestinget, Noralv Distad.

Vil de ha meir vindkraft på Vestlandet?

Noralv Distad

OPP TIL LOKALSAMFUNNA: Noralv Distad er 2.-kandidat for Vestland Høgre.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Det må avgjerast lokalt. Er det anlegg som har lokal støtte så vil ikkje vi motseie oss frå fylkeskommunen si side. Om det ikkje har tilslutning i lokalsamfunnet er det ikkje rett å seie ja, seier Distad.