Hopp til innhold

Viltnemnda skaut hjort i Nygårdsparken midt i Bergen

Grytidleg torsdag morgon vandra ein hjort rundt i Bergen sentrum. Ved lunsjtider var han avliva.

Hjort blant trær og busker i Nygårdsparken i Bergen

HJORT: Hjorten sette seg ned blant tre og busker i Nygårdsparken i Bergen sentrum.

Foto: Bergensavisen Emil Weatherhead Breistein / Emil Weatherhead Breistein, Bergensavisen

Det er politiet som melder at hjorten ikkje er i live lenger.

Torsdag morgon såg fleire vitne ein hjort i Bergen sentrum. Hjorten vandra ved Den Nationale Scene i Bergen, der han vart observert av forbipasserande.

Klokka 11 vart politiet varsla om at hjorten var i Nygårdsparken, ein park i sentrum av Bergen.

Då sende dei ein patrulje dit som observerte hjorten.

– Vi sende ein bort for å ha auga på han, og leie folk vekk frå der hjorten var. Det var ingen hendingar knytte til hjorten, og etter kvart kom viltnemnda til staden, seier operasjonsleiar i politiet Frode Kolltveit til NRK.

Hjorten vart avliva klokka 12.26. Det var BA som først melde om at hjorten vart avliva.

Ein hjort blei skoten i Nygårdsparken i Bergen torsdag.

Ein hjort blei skoten i Nygårdsparken i Bergen torsdag.

Vurderte flytting

Viltforvaltar i Bergen kommune, Caroline Christie, seier til NRK at dei fekk melding om hjorten grytidleg i dag tidleg.

– Vi håpa at hjorten skulle trekke ut av byen på eiga hand når det framleis var lite aktivitet i byen, men det skjedde dessverre ikkje. Ein hjort i sentrum er problematisk fordi det fort kan oppstå farlege situasjonar med mykje infrastruktur, folk og bilar i byen, seier ho.

Viltnemnda vurderte at å flytte hjorten ikkje var eit alternativ.

– Dette var eit stressa individ. Å prøve å leie han ut i terrenget hadde for høg risiko, seier ho.

Å bedøve hjorten vart vurdert, men det krev noko tid, ifølgje Christie. Då hjorten var i parken, var det mogeleg å løyse situasjonen sikrare enn om hjorten sprang ut igjen i sentrumsgatene.

– Dyret var så stressa, noko som også er eit dyrevelferdsmessig aspekt her. Det var eit visst hastemoment, og her hadde vi ei mogelegheit til å få løyst situasjonen der og då. Derfor var det ikkje aktuelt.

– Kvifor?

– Regelverket krev at ein har veterinær med kompetanse. Ein skal ha rette fagpersonar inne for å gjere dette, og dei skal verte henta inn. Her var avveginga at det var behov for å gjere tiltak når ein hadde mogelegheit, og før hjorten på ny bevega seg inn blant hus og trafikk, seier ho.

SENTRUM: Hjorten vart skoten i Nygårdsparken i Bergen sentrum.

Kan ha kome sjøvegen

Hjorten var eit ungt hanndyr. Han vart avliva med eitt skot og leid ikkje, ifølgje Christie.

Sjølv om det truleg er nokre tusen hjort i Bergen kommune, er det svært sjeldan at hjort kjem inn til Bergen sentrum.

– Det er veldig uvanleg. Vi hadde ein episode for nokre år sidan, då ein hjort vart observert ved politistasjonen, seier Christie.

Hjorten kan anten ha kome ned frå fjellet eller frå sjøen.

– Han kan ha kome frå fjellsida opp mot Fløyfjellet eller sjøvegen. Hjorten er god til å symje og kan ha kome i land ved Nordnes, seier Christe.

Hjortekadaveret vert no destruert i tråd med forskrifta.