Eit slikt vern tek omsyn til kvar villsauen kjem frå geografisk og villsauen sitt beite. Villsauen vil også verte verna mot at andre som ikkje har krav på det, kan marknadsføre seg med villsauprodukt.
Vern mot kopistar
– Det er viktig å få verna villsau frå norskekysten fordi det vil sikre oss mot at andre kopierer produkta våre, seier Hilde Buer i Norsk Villsaulag på Vestlandet.
Villsau er den urnorske sauen som har vore i landet i mange tusen år. Nokre får stammer overlevde på øyer i Austevoll, og dei vart berga på 50-talet. I dag fins villsauen mange stader langs norskekysten.
Viktig i Europa
Beskytta mat har ei høg stjerne i Europa, og merkenamnet skal også vere med på å gje næringsutvikling.
Frå før er fenalår og spekepølse frå villsauen matspesialitetar.