Hopp til innhold

Villreinflokk hindrar ikkje trafikken på Hardangervidda

Om lag 1200 villrein er i nærleiken av riksveg 7 over Hardangervidda, men vegen blir truleg ikkje stengd med det fyrste.

Villrein på Hardangervidda

STOR FLOKK: Om lag 1200 dyr blei måndag ovservert på Hardangervidda ved Dyranut.

Foto: Petter Braaten / Statens naturoppsyn

– Vår observatør på staden har sett flokken på om lag 1200 dyr. Den ligg i ro eit par kilometer frå vegen, seier Knut Nylund i Staten naturoppsyn.

Ifølge Nylund er det førebels ikkje noko som tyder på at villreinen har tenkt å krysse vegen. Den har trekt lenger aust og er i ro akkurat no.

Aktiv overvaking frå torsdag 1. desember

Forbipasserande fortalde søndag til NRK at flokken prøvde å krysse riksvegen fleire gonger.

Ifølge augevitne Ivar Arne Lid var det kaotiske tilstandar, før flokken til slutt roa seg om lag ein kilometer frå vegen.

Statens naturoppsyn har avtale med Miljødirektoratet om at ei aktiv overvaking av reinen startar 1. desember. Før det vil det ikkje bli aktuelt med vegstenging.

– Vi observerer vegen og gir beskjed til Miljødirektoratet, som igjen eventuelt anbefaler Vegdirektoratet å stengje vegen. Dette pleier normalt ikkje skje før jul, seier Nylund.

Stengd fleire gonger

Rv. 7 har blitt stengd på grunn av villrein fleire gonger før. Sist var i januar 2015.

Villreinen blir halden kontroll på gjennom radiomerka simler også utanom overvakingsperioden.

På laurdag blei ein av dei merka simlene observert mellom Tråstølen og Dyranut ca. to kilometer frå vegen.

Villreinflokk på Hardangervidda

ROLEGE: I følgje Statens naturoppsyn er flokken i ro eit par kilometer frå riksvegen. I bakgrunnen er Dyranut turisthytte.

Foto: Petter Braaten / Statens naturoppsyn

– Er dette vanleg i slutten av november?

– Ja, dei siste åra har vi sett at flokkar har hatt lett for å trekke opp mot Rv. 7 rundt oktober/november. Men det har ikkje ført til at ein har stengd vegen før jul. Dei har heller ikkje kryssa vegen, fortel Nylund.

Vêr og beite bestemmer

Statens naturoppsyn held auge med radiomerkinga. Nylund fortel at ein heile tida vurderer kor sannsynleg det er at reinen kan komme til å krysse vegen.

– Dette har litt med vind og vêr å gjere, og ikkje minst beiteføre. Ingenting tyder på at det er mykje nedising på beitet så langt i år, seier Nylund.

Erfaring tilseier at flokken no vil halde seg i ro i området.