Teatermelding av Marit Bendz
Romanen til Edvard Hoen kom i 1974 og vart filmatisert fire år seinare. I filmen var avfolking eit større tema enn i denne dramatiserte sceneversjonen.
Kva handlar det om?
Det er det forfattaren – han som skriv – spør seg om også, heile tida, der på ferja mellom Eikøy og Ramvik. Det er Vestlandet og det er 70-talet.
Mette jobbar på rutebilkafeen, er SUF-ar og sel Klassekampen. Ungjenta Marianne er gravid og ventar på avgjerda til tre menn i abortnemnda. Lærarinna Henriette, skal ho reise frå Eikøy? Og så desse litt tafatte mennene.
Evige dilemma. Evig regn. Vi ser og høyrer vatn gjennom musikken og dialogane, bak den skurrande damerøysta i ferjehøgtalaren, som og vert forteljarstemma når han som skriv vert stille.
Vått og vestlandsk
Scenografien er noko av det våtaste og mest vestlandske eg har opplevd.
Loddrette plastgardiner heng i fleire lag, og aller bakarst skimtar vi firemannsorkesteret.
På plasten vert det projisert vatn som renn, vatn som dryp og lagar ringar, plastikk er bølgjer og vind, det fungerer.
Og det er regnjakker og slagstøvlar og kliss våte skodespelarar når slusene i scenetalet opnar seg og det kjem heilt ekte vatn ned på eit scenegolv og ein niseters ferjebenk som vert våtare og våtare.
Tek det heilt ut
Sogn og Fjordane Teater har ofte hatt ein tendens til ikkje å ta ut heile potensialet i eit stykke. Det har ligge noko uforløyst i framsyningane. Slik er det ikkje i denne musikalen.
Skodespelarane tek den heilt ut, i den vesle mimikken og i dei store rørslene. Dette er artistar som beherskar både dans og ikkje minst song.
Slutten er litt metafysisk. Han som skriv er nemleg ein av sine eigne romanfigurar, og han møter seg sjølv i regnet. Saknar du ei skikkeleg regnskur etter denne finaste sommaren i manns minne? På «Kjærleikens ferjereiser» får du rikeleg.
Sogn og Fjordane Teater: Kjærleikens ferjereiser, urpremiere 11. september
Tekst: Edvard Hoem
Musikk: Henning Sommerro
Regi: Yngve Sundvor
Scenografi: Bodil Bay Schultz