Ville ha møte om NAV-reforma, departementet sa nei

– Det er oppsiktsvekkande at Arbeidsdepartementet ikkje vil møte oss, seier leiar Petter Sortland i Sogn Regionråd.

Petter Sortland

GIR SEG IKKJE: Leiar Petter Sortland i Sogn Regionråd.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

I juni sende regionrådet brev til Arbeids- og sosialdepartementet og bad om eit møte. Temaet var avgjerda om slå saman fylkesledda i NAV i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det inneber at 20 arbeidsplassar i Leikanger blir flytta til Bergen.

Men svaret som kom måndag var eit slag i ansiktet. Avdelingsdirektør Dagfinn J. Hansen i departementet skriv at lokaliseringa til Bergen ikkje bør ha nokon innverknad på samarbeidet mellom NAV og kommunane i Sogn Regionråd, og at dei «ikkje kan se at et møte er føremålstenleg».

– Ein smule arroganse

Det får regionrådsleiar Petter Sortland til å steile.

– Det er merkeleg, og det vitnar om ein smule arroganse. Vi er ni kommunar i Sogn som alle er urolege for dei offentlege arbeidsplassane i Sogndal/Leikanger. NAV-reforma er ei av fleire reformer som skyler over landsdelen.

Sortland meiner at når 20 arbeidsplassar skal flyttast frå Leikanger til Bergen, er det naturleg at kommunane i regionen blir høyrde.

– Men dette er altså «ikkje føremålstenleg». Eg tolkar det slik at det snart er val, og at det er litt brysamt av oss å be om møte, sidan avgjerda alt er teken i direktoratet. Det føyer seg inn i rekka av saker som blir avgjorde i byråkratiet, og så sit dei berre og sanksjonerer politisk, seier Sortland.

Vil bruke andre kanalar

Men Sogn Regionråd vil ikkje sitte stille og godta avslaget.

– Dette er ei for viktig sak for oss til det. Vi vil ha ei grunngjeving for at dei gjer som dei gjer. Vi vil og ha ei forsikring om at dei ikkje skal tappe NAV på Leikanger til fordel for Bergen.

No vil dei bruke andre kanalar for å nå fram med ynskjet om eit møte.

– Vi vil gå via fylket og våre representantar sentralt for å sjå om vi ikkje kan få endra på dette, for dette blir for lettvint, seier regionrådsleiaren.