Hopp til innhold

Ville fengsle tilsette fordi dei boikotta tale

NS-fylkesmann Konrad Sundlo i Sogn og Fjordane var så sint på sine tilsette at han ville fengsle dei. Då dei boikotta NS-minister Riisnæs sin tale var begeret fullt.

Sverre Riisnæs

RASANDE: Justisminister Sverre Riisnæs (bildet) støtta fylkesmann Konrad Sundlo sitt forslag om at dei som boikotta talen hans skulle straffast.

Det er 22. juli 1944 og klokka er 12 på dagen. Justisminister Sverre Riisnæs går opp på talarsolen i kinoslaen på Leikanger i Sogn.

Nazisten Riisnæs, som under krigen skaut med sin eigen revolver under avrettingar, skal mellom anna snakke om at den nordiske rasen ikkje må bli utvatna. Riisnæs, som opphavleg kom frå Vik i Sogn, er rasist og jødehatar til fingerspissane.

Den klare instruksen frå Riisnæs er at alle tilsette hos fylkesmannen skal stille opp for å høyre på talen. «Minister Riisnæs har bestemt at alt personell ved fylkes administrasjon skal møte til foredrag som avholdes i kinolokalet i Leikanger», skriv fylkesmann Konrad Sundlo.

Rasande minister

Men når Riisnæs løftar blikket utover salen, ser at han dei fleste seta står tomme. Den hardbarka nazisten kjenner seg audmjuka. Sinnet brusar opp i han som ein orkan.

Justisministeren greier å halde talen som planlagt, men bestemmer seg samtidig for at dette skal få eit kraftig etterspel.

I eit brev til generalmajor Martinsen skriv han mellom anna følgjande om det som skjedde: «Møtet ble i adskillig utstrekning sabotert fra de offentlige tjenestemenns side. Det er et av de styggeste tilfeller jeg har sett av åpenbar sabotasje og trass, og således fiendtlig virksomhet».

Ingen stader stod nazistane lågare i kurs enn i Sogn og Fjordane under krigen. Dei fleste tilsette hos fylkesmannen på Leikanger hadde rett og slett boikotta talen.

«Herr vegsjefen» måtte svare for seg

Også fylkesmann Konrad Sundlo blir rasande. I samråd med Riisnæs bestemmer dei seg for å setje i verk straffereaksjonar mot enkelte av dei som ikkje møtte opp.

Konrad Sundlo

REDD: «Der fins ikke et eneste NS-menneske på mitt kontor. Jeg lever i stadig skrekk for hvad disse mennesker skal finne på», skriv NS-fylkesmann Konrad Sundlo.

Foto: NTB scanpix

I eit brev til vegsjef Alf Torp same dag skriv Sundlo følgjande: «Herr vegsjefen hadde ordre om å innfinne seg på foredraget som fant sted i tjenestetiden. Herr vegsjefen kom ikke. Ingen av deres personale kom heller. Jeg utbeder meg en forklaring på dette». Leiaren for fylkesforsyningsnemnda, Herr Kvigne, møtte heller ikkje opp og får likelydande brev.

«Jeg lever i stadig skrekk»

I eit brev til den tyske offiseren Eberhard Günter nokre dagar etter talen utdjupar Sundlo frustrasjonen sin: «Der fins ikke et eneste NS-mennske på mit kontor. Jeg lever i stadig skrekk for hvad disse mennesker skal finne på».

Etter forslag frå Sundlo kjem Riisnæs fram til følgjande: «Formannen i fylkesforsyningsnemnda, Kvigne, blir straks å anholde og sikre i ett år».

Når det gjeld Alf Torp står det følgjande: «Han fratas sin formue ved inndragning».