Hopp til innhold

Veronica-saka: Ville fengsle mann i fire veker

Ifølgje VG ville politiet eigentleg fengsle mannen som er sikta for falsk forklaring i Veronica-saka i fire veker.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

TI DAGAR: Politiet ville fengsle mannen som er sikta for falsk forklaring i Veronica-saka i fire veker, men fekk berre ti dagar av Sogn Tingrett.

Foto: Halvor Farsund Storvik / Privat / NRK

Sogn tingrett ville berre gje ti dagar.

– Påtalemyndigheita bad om fire vekers varetekt. Det vart gitt ti dagar, seier påtaleleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Bjørn Larsen, til VG.

Torsdag vart ein mann i 40-åra sikta for falsk forklaring i saka. Samstundes vart han sikta etter narkotikalovgivinga. Mannen har ikkje status som noko anna enn vitne, sa lensmann Asle Karoliussen til NRK då.

Ifølgje VG vil politiet at lagmannsretten skal vurdere lengda på varetektsfengslinga på nytt, og politiet jobbar no med ein anke til Gulating lagmannsrett.

Tidlegare dømd for vald

Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen død i Barsnesfjorden 14. november, etter å ha vore sakna i nær tre veker.

Mannen er tidlegare dømd for vald mot politiet. Han har vore inne til fleire lange avhøyr i løpet av etterforskinga.

Sprikande forklaringar tidleg i etterforskinga skal vere ein av grunnane til at han er sikta for falsk forklaring.

– Bakgrunnen for varetektsfengslinga er fare for forspilling av bevis og omsyn til etterforskinga, sa politifullmektig Katrine Trønsdal til NRK på laurdag.

Mistenker medviten uriktig forklaring

Ho ville ikkje gå nærare inn på kva den falske forklaringa går ut på

– Politiet er inne i ei omfattande og krevjande etterforsking. Då er politiet avhengig av at vitna forklarer seg riktig. Når vi då har grunn til å mistenke han for å forklare seg bevisst uriktig, så er det av omsyn til etterforskinga vurdert som nødvendig med varetekt, sa Trønsdal.

Forsvararen til mannen, Trygve Staff, seier mannen tek siktinga tungt.

– Han er djupt ulukkeleg over siktinga. Han har frykta at det ville komme ei kopling av siktinga opp mot dødsfallet til Veronica Stegegjerdet. Så han tar situasjonen han er kommen i svært tungt.

– Mannen vedgår ikkje straffskuld for å ha forklart seg feil. Men når det gjeld cannabis-forholdet så vedgår mannen det vesentlege der, seier Staff.