Hopp til innhold

Måtte utsette operasjonar då sjukehuset mista straumen

Den store straumstansen i romjula var langt meir alvorleg for Haukeland enn først meldt. Avdelingar var timevis utan straum medan det var usikkert korleis problema kunne ordnast.

Haukeland universitetssykehus

TIMEVIS: Enkelte avdelingar var heilt utan elektrisitet i to og ein halv time på Haukeland universitetssjukehus då Bergen mista straumen i romjula.

Foto: Helse Bergen

Haukeland sjukehus og nær 5000 husstandar gjekk i svart då eit stort straumbrot råka Bergen 30. desember.

Helse Bergen og BKK melde raskt at straumen var tilbake, men det var slett ikkje tilfelle over alt. Det var kaotiske tilstandar på teknisk avdeling i fleire timar etter at straumen først forsvann, viser ein intern rapport NRK har fått tilgang på.

Automatikken verka ikkje

Normalt vil eit slikt straumbrot ha avgrensa konsekvensar for sjukehuset.

Men rapporten viser at det denne morgonen oppstod fleire feil i naudstraum og reserveløysingar som skulle koplast inn.

– Når alle tryggingssystem skulle slå inn var det feil på ein komponent hos BKK. Denne gav feil signal om at det var straum til sjukehuset, medan det ikkje var det. Dermed verka ikkje automatikken, fortel Geir Brügger, teknisk sjef ved sjukehuset.

Brytepinn

BRYTEPINN: Ein slik såkalla brytepinn knakk. Det er ei sikring mot overbelastning. Sette turbinen ut av spel.

Foto: Stine Mari Velsvik / NRK

Fleire feil og dårleg kommunikasjon

Det tok om lag to og ein halv time før heile sjukehuset var tilbake på stabil straum frå reserveløysingar.

– Vi betraktar alle slike straumbrot som kritiske. Jo lenger dei varer dess meir kritisk oppfattar vi på teknisk side at det er, seier Brügger.

I tillegg fortel rapporten om dårleg kommunikasjon mellom BKK og sjukehuset.

– Det førte til at vi var usikre på kor lenge situasjonen kom til å vare. Difor råda vi til ikkje å utføre operasjonar til vi visste kor lang tid det tok før vi var tilbake til sikker drift.

Dieseltubin

RESERVESTRAUM: Dieselturbin skal starte automatisk og gje straum ved straumbrot

Foto: Stine Mari Velsvik / NRK

Mangla prosedyrar

Liv og helse skal aldri ha vore i fare, men enkelte avdelingar var heilt straumlause i fleire timar. Mellom anna blei det problem for dialysebehandling og laboratoriet.

Jan Ness er seksjonssjef hos BKK Nett. Han fortel at på grunn av at det var fleire feil samtidig var dei på eit tidspunkt usikre på kva som kunne gjerast.

– Det var mangelfulle prosedyrar på korleis fleire feil samtidig kunne løysast. Det har vi no fått kontrollert.

Geir Brügger

TEKNISK SJEF: Geir Brügger ved Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Stine Mari Velsvik / NRK

– Treng ikkje uroe seg

BKK og sjukehuset testar naudstraumsforsyninga saman om lag ein gong i månaden.

– Korleis kunne dette eigentleg skje?

– Å få fleire feil etter kvarandre skal noko til, seier Ness.

– Har folk grunn til å vere uroa?

– Nei, eg tenkjer at folk ikkje har grunn til å vere uroa når det gjeld straumtryggleiken til Haukeland Sjukehus.

I etterkant har det vore fleire møte mellom sjukehuset og BKK. Feil og manglar har alt blitt retta opp, eller er i ferd med å bli det.

– Det var eit scenario her denne dagen som vi ikkje var førebudde på. Det tok lenger tid enn vi skulle ønske, men vi fekk det til, seier Brügger.