Ho blei trua med straff då ho ville redde ein plagsam rev som hadde busett seg blant folk. Ho ville flytte den, men fekk beskjed om at den skulle skytast.
Ho flytta den likevel, til ein gard der den fekk sakte tilvenning til naturen att.
– Å avlive ein ung, frisk rev fordi den oppheld seg på feil plass, det går ikkje. Eg ville gått i fengsel for ville dyr sine rettar, seier Heidi Halvorsen, leiar i Dyrebeskyttelsen Noreg, Ringerike.
Straffa for å bryte reglane i Dyrevelferdslova er bøter eller fengsel i inntil eitt år, eller begge delar, jf. paragraf 37.
Tvitydig lovverk
Dyrevelferdslova slår fast at alle har plikt til å hjelpe skada dyr, ville som tamme. Men den seier også at vi skal unngå å gje dyr unødige belastingar.
Mattilsynet, som handhevar Dyrevelferdslova, meiner det kan vere svært stressande for ville dyr å vere i fangenskap for å få behandling.
– Dei blir redde av å vere stengt inne, tett på menneske, og kan få problem med å ta til seg føde. I tillegg kan dei få utfordringar med å leve normalt i det fri etterpå, seier veterinær i Mattilsynet, Beate Lillebostad.
Ho forklarar at ville dyr som til dømes ikkje kan bevege seg normalt etter ein skade, vil få problem med å skaffe seg mat og ly sjølv.
– I mange tilfelle vil avliving vere eit betre alternativ enn å døy sakte i det fri, eller å vere i fangenskap for behandling. Det er det vanskeleg for mange å akseptere.
Blir lovbrytar uansett
Dyrerettsorganisasjonen NOAH er oppgitt over Mattilsynet si tolking av lova.
– Mattilsynet får folk til å tru at du bryt lova uansett kva du gjer. Du bryt hjelpeplikta om du ikkje hjelper dyra, og du gir dei «unødige belastingar» om du pleier dei friske i fangenskap, seier Siri Martinsen, veterinær og leiar i NOAH.
Ho er også sterkt usamd med Mattilsynet om korleis dyr oppfattar menneskeleg pleie.
– Eit svakt og sjukt dyr merkar at situasjonen blir betre og at smertene avtek når det får rett pleie. Når det så kviknar til, vil det vekk og ut att i naturen. Mange artar toler pleie godt.
Martinsen minner om at rehabilitering skal skje i samarbeid med veterinær, og at veterinæren avgjer kva som er nødvendig pleie.
– Du bryt ikkje Dyrevelferdslova ved å hjelpe, det er Mattilsynet som ikkje agerer i tråd med lovas intensjon når dei nærast åtvarar folk mot å hjelpe, seier Martinsen.
Trassar systemet
Uansett korleis lova blir oppfatta, er engasjementet stort for å hjelpe ville dyr. Frå heile landet ringer folk til Heidi Halvorsen når eit vilt dyr er i naud.
Og Heidi stiller opp, med kunnskap eller hjelp til alt frå skada smådyr til store svaner ho vaskar reine for diesel i dusjen.
– Eg har dyra heime hos meg sjølv til dei klarar seg i naturen att. Dei bur både ute og inne, i vinterhagen og i verste fall på soverommet mens dei får pleie, seier Halvorsen.
Dette har ho halde på med i over 20 år, på fulltid, utan løn. Særleg travelt er det om våren, når sårbare dyreungar kjem til verda. Dei blir skada i trafikken, krasjar i bygningar eller ramlar på bakken når folk feller tre.
– Det hender dyr er så skada at det er best med avliving. Andre gongar viser røntgen hos dyrlegen at dei kan bergast, fortel Halvorsen.
Tek rekninga sjølv
Det kan fort bli dyrt for dei som vel å hjelpe skada dyr. For veterinærrekninga må dei ta sjølv, i tillegg til mat, medisinar og anna utstyr som trengst. Det einaste staten dekker, er veterinærens utgifter til avliving.
Det synest Halvorsen blir heilt feil.
– Staten bør i det minste betale for å undersøke dyret, slik at det ikkje blir avliva utan at det er eit klart grunnlag for det. Dersom dyret kan bli friskt med behandling, bør staten dekke det også.
Utgiftene Halvorsen har med å pleie ville dyr, blir dekka av Dyrebeskyttelsen Noreg, Ringerike.
I den nye TV-serien «Villdyrhjerte» på NRK TV kan du sjå innsatsen som ho og mange andre gjer for ville dyr.