Forbundet karakteriserer Stordalen som akutt truga fordi Fylkeslandbruksstyret har godkjent ein vegsøknad på Gloppen-sida. Samtidig har Stryn formannskap godkjent ein veg på deira side av området, noko forbundet vil anke.
- Lite å tape
Rein Midteng i naturvernforbundet seier at dette er eit av dei få store områda med urørt skog som er attende i Sogn og Fjordane. Han trur at grunneigarane har lite å tape på eit vern då det er gode erstatningsordningar.
- Svært mange skogeigarar i Norge er innstilt på frivillig verne fordi det er dårleg økonomi i skogbruk. Bøndene misser ikkje retten til beite, jakt og fiske, men dei misser retten til å hogge tømmer, seier Midteng.