Hopp til innhold

Vil vere meir offensive i næringspolitikken

FLORØ (NRK): Måndag opna valkampen for Arbeidarpartiet, og næringspolitikk var i klart fokus under opninga i Florø.

Valkamopning for Arbeidarpartiet i Florø 2015

TIL KAMP: Arbeidarpartiet håpar på god oppslutning i valet i september og dei er klare for å jobbe dag og natt for å oppnå dette. Frå venstre: Ola Teigen, ordførarkandidat i Florø, fylkesordførar Åshild Kjelsnes og nestleiar i Ap, Trond Giske.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Vallogo

Arbeidarpartiet rigga måndag opp fleire telt utanfor Amfi-senteret i Florø for å markere valkampopninga. Partiet sin nestleiar, Trond Giske, ordførarkandidat i Florø, Ola Teigen og fylkesordførar Åshild Kjelsnes var blant dei som heldt appellar.

Vil ha meir næringsaktivitet i Florø

Iført ei t-skjorte med skrifta «Snorre C til Florø» fekk Teigen fram eitt av dei viktigaste bodskapane frå partiet i dette valet.

Ola Teigen - ordførakandidat for Ap

KLAR TALE: Ordførarkandidat for Ap i Florø, Ola Teigen.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Florø må komme langt meir på offensiven når det gjeld næringspolitikken og då er det særleg viktig at vi lokalpolitikarane sett alle klutar til for å sørge for at vi får meir aktivitet i Florø. Då er det også viktig med tett samarbeid med fylkespolitikarane for å få ei slagkraftig stemme inn mot Stortinget, regjeringa og Statoil, seier ordførarkandidaten.

I dag er det Høgre som har ordførarvervet i kystkommunen, men Arbeidarpartiet har store planar om å overta vervet frå hausten.

– Vi skal gå til val på eit veldig godt program. Vi skal vise at vi har dei beste løysingane for korleis vi skal handtere ein aukande eldre befolkning, korleis vi skal handtere utfordringar innanfor barn og ungdom og skal vise korleis i skal gjere ein god skule endå betre og korleis vi skal få bemanninga spesielt i barnehagane opp på den nasjonale norma som andre har, seier Teigen.

Valkampopning for arbeidarpartiet i Florø 2015

PUBLIKUM: Fleire møtte opp for å høyre appellane og prate med politikarane i Arbeidarpartiet.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Trass i eit sterkt fokus på å få auka aktiviteten i oljenæringa, vil partiet likevel vere med på det grøne skiftet. Teigen seier at dei gjennom kommunen si rolle som bestillar av tenester, har unike moglegheiter til å velje bedrifter som er miljøsertifiserte.

Kjempar om ordførarverv

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes seier partiet skal jobbe dag og natt med å fortelje folk kva dei står for.

– Som eg sa i opninga har eg her markert fire saker. Det er skulepolitikken, særleg dei vidaregåande skulane, næringsutvikling, samferdsle og folkehelse, seier ho.

Trond Giske på valkampopning i Florø 2015

HELDT APPELL: Trond Giske var i år som ved førre val med på valkampopning i Florø.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Nestleiar i Arbeidarpartiet, Trond Giske, er samd med Teigen i at det er viktig å ha sterkare fokus på næringspolitikk. Det er også viktig for dei å få fleire ordførarverv og behalde Kjelsnes som fylkesordførar, seier nestleiaren.

– Når du er i Sogn og Fjordane blir du minna på kor mykje av verdiskapinga i Norge som skjer langs kysten og i distriktet. Vi er veldig opptekne av at vi no har altfor mange arbeidslause og at vi treng mykje meir aktiv næringspolitikk, seier han.

Kutta i formuesskatten er ikkje oppskrifta på å skape sysselsetjing og arbeid langs kysten, meiner Giske.

– Vi må behalde og styrke dei statlege selskapa, investere i og bygge landet, ikkje selje det ut slik Høgre og Frp vil. Det er ei veldig passiv, nærast handlingslamma, haldning når det gjeld næringspolitikken og det har resultert i den høgaste arbeidsløysa på ti år.

valkampopning i Florø 2015 arbeidarpartiet

KAKEFEST: Arbeidarpartiet delte ut kake til tilhøyrarar under valkampopninga i Florø måndag.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK