Hopp til innhold

Starta nytt tilbod til familiar som treng hjelp

FØRDE (NRK): Wenche Kirkebø er frivillig familiekontakt. Ho skal støtte familiar som ikkje heilt får tida til å strekke til og born som berre treng eit ekstra fang å sitje på.

Inger Cesilie Fitje og Wenche Kirkebø frå Home-Start Familiekontakten

KOORDINATOR OG FRIVILLIG: Inger Cesilie Fitje (til venstre) har ansvaret for Home-Start Førde, medan Wenche Kirkebø er ein av fleire frivillige.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

– Eg tenkte det var kjekt å hjelpe andre som treng det, fordi eg har vore i ein situasjon med små born sjølv, og veit at livet er hektisk og tøft til tider, seier Wenche Kirkebø.

Wenche Kirkebø

KLAR TIL DYST: Wenche Kirkebø meiner kursa har vore veldig interessante, og er godt rusta for å vere familiekontakt.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

Ho er ein av dei ti som no skal starte som frivillige hjå Home-Start Familiekontakten i Førde, eit internasjonalt støtteprogram som no opnar den aller første avdelinga i Sogn og Fjordane.

Gir ekstra støtte

Dei frivillige kontaktane skal vie mellom to og fire timar i veka til å hjelpe småbarnsfamiliar som på ulike måtar treng litt ekstra støtte i kvardagen.

Tidlegare var Kirkebø lærar og spesialpedagog, og etter å ha avslutta den yrkesaktive karrieren si er ho klar for eit nytt kapittel.

– Eg har jobba med barn heile livet og har fire barn sjølv, så eg tenkte det her var noko for meg, seier ho.

Eit lågterskel tilbod

Akkurat kva Kirkebø skal bidra med veit ho ikkje endå, for tilbodet vert tilpassa kvar familie sine eigne ynskjer.

Inger Cesilie Fitje er koordinator for støtteprogrammet i Førde. Ho seier dei lagar avtale med kvar enkelt familie.

– Det er familien sjølv som veit kvar skoen trykker. For nokre kan det vere eit behov for å komme seg ut og treffe andre. I andre tilfelle kan vere at nokon kjem heim til dei, legg i hop ein klesvask og leikar litt med ungane.

Inger Cesilie Fitje

AMBISJONAR: Inger Cesilie Fitje håpar dei innan 2020 også har eit tilbod for heile den nye storkommunen, Sunnfjord.

Foto: Bente Kjøllesdal / NRK

Vidare understrekar ho at dette er eit lågterskeltilbod – ope for alle småbarnsfamiliar. Ein treng på ingen måte vere på randa av samanbrot.

– Det er eit førebyggande tiltak. Ein får hjelp i ein fase der ting går litt stritt. Dei første åra i ein unge sitt liv betyr mykje for det som skjer seinare, og slik sett kan det ha stor tyding for mange, seier Fitje.

Eldrebølgja

I Førde har den første gruppa frivillige fullført kurs, og er klare til å starte. Så langt er det flest kvinner og tidlegpensjonistar som har meldt seg.

– Alle snakkar om eldrebølgja som den store stygge ulven, men det er jo også ein fantastisk ressurs, seier Fitje.

Kirkebø er samd i dette, og legg til at det er viktig å bli sett på som ein ressurs i samfunnet, og nokon som kan gjere nytte. No gler ho seg til å kome i gang.

– Dette blir veldig spennande! Eg ser fram til å møte familien, og til å verte kjent med dei og borna.