Hopp til innhold

Vil utsetje nullutslepp for forureinande båtar

Mangelfulle tekniske løysingar gjer at fylkesrådmannen i Vestland vil utsetje innføringa av fire utsleppsfrie hurtigbåtar. Dagens båtar har miljøutslepp tilsvarande 25.000 personbilar.

Ekspressbåtane Vingtor og Njord

STORE KLIMAGASSUTSLEPP: Ekspressbåtane Vingtor og Njord går i rute mellom Bergen og Sogn og Fjordane. Dei går på diesel og slepp ut store mengder Co₂ og Nox.

Foto: Norled

Det er venta høg temperatur når saka om dei fire langdistanse ekspressbåtane mellom Bergen og Sogn og Fjordane skal opp i Hovudutval for samferdsle og mobilitet i Vestland i dag.

Dei dieseldrivne båtane har i lengre tid vore sett på som svært forureinande.

Dei slepper årleg ut 15.000 tonn Co₂, tilsvarande utslepp frå 15.000 personbilar. Dei slepper også ut 130 tonn Nox-gass, som svarar til utslepp frå 25.000 personbilar

Med andre ord: Ekspressbåtane forureinar 90 gonger meir enn tog, ni gonger meir enn personbil og fire gonger meir enn fly for kvar transportkilometer.

Avviser innstillinga

Tilrådinga frå fylkesrådmannen er i strid med politiske vedtak i gamle Sogn og Fjordane, som la opp til utsleppsfrie ekspressbåtar allereie frå 2024.

– Vi har ikkje tid til å utsetje dei utsleppsfrie ekspressbåtane. Dei må på plass så fort som råd, seier Mona Høgli (MDG).

Ho forventar at regjeringa kompenserer for fylkeskommunen sine ekstrakostnader, som ifølgje fylkesrådmannen vil kome på mellom 75 og 115 millionar kroner årleg.

– No må regjeringa vise at dei ikkje berre pratar, men at dei løyver midlane som skal til, seier ho.

Mona Høgli

KRITISK: Mona Høgli (MDG) meiner det blir heil feil å utsetje bruken av utsleppsfrie ekspressbåtar mellom Bergen og Sogn og Fjordane.

Kan ikkje garantere

Klima og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) viser til at regjeringa dei siste to åra har styrkt båt- og ferjesektoren med 350 millionar kroner i frie inntekter til fylkeskommunane.

I tillegg peiker Rotevatn på at Vestland til no har vore involvert i prosjekt som har fått kring 13,4 millionar kroner til utvikling av hurtigbåtar gjennom ordninga Klimasats, og har fleire søknader inne også no.

– Med dette bakteppet ser eg ingen grunn til å tru at fylkeskommunane vil stå åleine om meirkostnadene ved omlegging til nullutsleppsbåtar framover. Vi vil ta omsyn til kostnadsauke, men eg kan ikkje no garantere for at regjeringa vil kompensere for absolutt alle meirutgifter, seier Rotevatn.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn fra Venstre. På besøk hos Remiks i Tromsø.

FORSTÅR DILEMMAET: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) seier han forstår dilemmaet fylkeskommunen står i. – Det er nettopp difor vi har gjort dei grepa som vi har gjort.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

– Miljøgevinst ikkje hovudmålet

Fylkesrådmannen viser i si tilråding til at det er sjølve transporttenesta som er hovudføremålet, ikkje miljøgevinsten: «Utgangspunktet er derfor at miljøambisjonen ikkje skal gå utover mobiliteten mellom Bergen, Nordfjord, Flåm og Sogn».

Han legg til at det «difor er lagt til grunn at tal overfartar, kapasitet og reisetider skal haldast oppe på dagens nivå, det vil seie korkje aukast eller reduserast».

Batteri like tungt som sjølve båten

I utgreiinga viser fylkesrådmannen til at det trengst batteri på minst 100 tonn for å kunne frakte passasjerar mellom Bergen og Sogn og Fjordane utsleppsfritt.

100 tonn er like mykje som vekta til sjølve ekspressbåten og vil bli ei veldig kostbar løysing. Fylkesrådmannen ser heller ikkje føre seg ei løysing der båtane går på hydrogen frå 2024.

I staden blir det tilrådd ei løysing der det blir starta eit utviklingsarbeid som innan 2028 skal finne og ta i bruk den beste tekniske utsleppsfrie løysinga. I denne perioden kan ekspressbåtane gå på diesel som i dag.

– Sjølv om batteriteknologi er kjend teknologi i maritim næring, har ein ikkje erfaring med bruk av slike løysingar på hurtiggåande fartøy, seier fylkesrådmannen.

Rune Haugsdal

Fylkesrådmann Rune Haugsdal i Vestland viser i tilrådinga si til at det er sjølve transporttenesta som er hovudføremålet med ekspressbåtane, ikkje miljøgevinst.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Han fryktar store driftsmessige følgjer dersom ein går over til batteridrift allereie i 2024. Tida fram til 2028 vil bli brukt til testing.

Frp set foten ned

Medan MDG vil ha dei utsleppsfrie hurtigbåtane snarast råd, vil Frp utsetje det heile på ubestemt tid.

– Dette går altfor fort fram og blir altfor dyrt, seier Frank Willy Djuvik (Frp) i samferdsleutvalet i Vestland.

Djuvik viser til at det er innført nullutslepp på lokalbåtruter i Vestland, og at ein må evaluere dette først, før ein eventuelt går vidare med nullutslepp på ekspressbåtrutene.

Frank Willy Djuvik

SEIER NEI: – Vi går ikkje med på at fylkeskommunen skal øydelegge økonomien sin og må kutte tenestetilbodet til innbyggarane for at vi skal få utsleppsfrie ekspressbåtar, seier Frank Willy Djuvik (Frp).

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK