Hopp til innhold

Vil ut så fort som råd er

Politikarane i Bremanger likar dårleg tanken på at dei har 170 millionar kroner ståande i ein amerikansk kredittmarknad som har gått rett mot botnen.

New York-børsen

New York-børsen

Foto: STEPHEN CHERNIN / AFP

For medan bankane i USA slåst for å klare seg gjennom krisa, veit politikarane i kommunen at dei har enorme verdiar ståande midt i uroa.

KrF-politikar Johan Kåre Vadøy vil ut av investeringane så raskt som råd.

- Burde selt for lenge sidan

Det er tøft på børsen i USA, men det er ikkje heilt enkelt å vere politikar i Bremanger heller for tida.

For håpet om at ein kunne selje dei amerikanske verdipapira på eit betre tidspunkt forsvinn i takt med dei dårlege nyhenda frå USA.

- Hadde vi visst dette, burde vi ha selt for lenge sidan, seier Vadøy.

Tapte på tvangssal

Rådgjevar Tor Sydness i Wassum Consulting har stor forståing for at politikarane er bekymra. I går vart Vik kommune kvitt ein av sine eigarpostar. Vik tapte 45 millionar kroner på papira som dei ein gong kjøpte for 60.

Også Bremanger har hatt tvangssal og tapte då 50 millionar kroner på ein post som var verdt nær 100. Men den store gjenståande posten som i si tid kosta 170 millionar kroner er vanskeleg å bli kvitt.

Sydnes seier at tilretteleggar for salet har fått ein frist av rådgjevarane på 65 dagar på å få til salet, men verdipapira skal vere av den typen som er verst råka av finanskrisa.

- Den marknaden hedgefondet har operert i, har gått veldig dårleg, seier han.