Hopp til innhold

Vil unngå kaos – SAS og Widerøe lar folk endra billett gratis

Flyselskap ber reisande dra heim fredag i staden for laurdag. Samtidig melder busselskap om stappfulle bussar.

Sas-fly på Gardermoen

REISEDAG: Skal du og reisa laurdag, bør du kanskje vurdera å tenkja nytt.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Meteorologane vurderer fortløpande å omtala det komande juleuvêret som ekstremvêr. Fredag kom ei oppdatering om at vêrsituasjonen torsdag og fredag blir fulgt tett på Vestlandet.

Samtidig er det meldt kraftig vind og opp mot full storm i fjellet og i Nordland lille julaftan.

No tar fleire reise- og transportselskap grep.

SAS og Widerøe tilbyr billettbyte

I frykt for at uvêret skal påverka flytrafikken, ber no SAS reisande om å booka om billetten sin. Grunnen er frykt for at vind og store nedbørsmengder skal øydelegga reiseplanane til dei mange som skal heim eller på besøk før jul.

– Vesle julaftan veit me at det er ein del passasjerar som er uroa for at dei ikkje vil rekka heim til jul. Hadde dette vore ein annan dag, med det same vêret me har no, hadde me ikkje gjort dette, seier kommunikasjonsdirektør i SAS, Kari Nymann.

Laster Twitter-innhold

På sine heimesider oppmodar difor selskapet reisande om å endra billetten – utan ekstra kostnader. Det same gjer Widerøe og Norwegian.

– Så sant det er ledige flysete, kan reisande ta kontakt med vår kundeservice eller selskapet som selde billetten og få booka om til i dag. Det er meldt eit forrykande vêr i morgon, og me forstår godt at folk som kan, vil reisa heim før, seier Widerøes kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll.

Fulle bussar over heile landet

Busselskapet Nettbuss Travel melder om fulle bussar over heile landet. Selskapet er eitt av dei største i Noreg, og har sett opp ekstra bussar på fleire av sine mest populære avgangar.

– På alle våre ni avgangar mellom Sørlandet og Oslo er det sett inn to-tre ekstra bussar, seier marknadssjef Svein-Arne Vik.

Mykje trafikk og mange reisande gjer at selskapet ber reisande om å kjøpa billett før dei reiser.

– Det er ingen plassgaranti utan billett, så folk risikerer å ikkje koma med.

Farevarsler flere steder i landet. John Smits gir deg værmeldingen for julehelgen.

SJÅ VIDEO: Julevêret på to minutt.

Kryssar fingrane for kolonne

Busselskapet merkar at trafikken har tatt seg opp, og gjer det dei kan for å få folk heim til jul.

– Det er utruleg mykje trafikk, noko som kan skapa forseinkingar. Folk kjem seg heim, men kanskje ikkje til den tida dei hadde håpa.

Jarle Bugge, driftssjef Norway bussekspress, håpar at dei som vil reisa med buss fredag, allereie har reist. Uvêret i fjellet gjer også at fleire bussavgangar må køyra omvegar når fleire fjellovergangar er stengde.

– Det ser skummelt ut i løpet av ettermiddagen. Spesielt gjeld dette Haukeli, som er fjellovergangen våre bussavgangar nyttar mest. Me kryssar fingrane og håpar vegen ikkje blir stengd.

Også NSB har smekkfulle tog på dei lengre distansane i dag. Det kan likevel vera håp om billettar både i ettermiddag og i morgon. NSB oppfordrar passasjerar til å sjekka moglegheitene.

NSB har tett dialog med Bane Nor om uvêret, men førebels går toga som normalt over fjella.