Hopp til innhold

Vil flytte arbeidsplassar ut av storbyar: No kan regjeringa bli tvinga til å snu

Regjeringa kan bli pressa av Stortinget til å stoppa flytting av statlege arbeidsplassar ut frå andre store byar enn Oslo. Éin representant frå Finnmark kan avgjera saka, men krev noko i gjengjeld.

Bergen i sol

DESENTRALISERING: Tysdag kan eit fleirtal på Stortinget komma til å tvinga regjeringa til å gi opp politikken om å flytta statlege arbeidsplassar ut av Bergen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Her har me lyst til å setta regjeringa på plass. For ho driv ein politikk til ugunst for Bergen, Stavanger og Trondheim, og det er ein dårleg idé for Noreg.

Det seier Framstegspartiet sin stortingsrepresentant Helge André Njåstad.

Den siste tida har det vore ei veksande «Vestlandsopprør» mot regjeringa.

Eit viktig element i opprøret er protestar mot regjeringa sin politikk for desentralisering av statlege arbeidsplassar. Dette har særleg blitt knytta til at leiande stillingar i Fiskeridirektoratet har blitt flytta frå Bergen til Tromsø.

Både lokalt og nasjonalt blir dette kalla ei svekking av «Havbyen Bergen» si rolle og kompetanse innan forvaltning og forsking på fiskeri og havressursar.

– Det blir heilt feil å spela store havbyar som Bergen og Tromsø opp mot kvarandre, når det reelle problemet er at Oslo er magneten alt blir dratt inn mot.

Det meiner stortingsrepresentant Alfred Bjørlo frå Venstre.

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo og Venstre får brei politisk støtte mot at Bergen, Trondheim og Stavanger står på det han kallar regjeringa si «fy-liste».

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug

«Bergen = Oslo»

Bakgrunnen er at Solbergregjeringa hadde ein politikk for å flytta statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Støreregjeringa har utvida dette til at statlege arbeidsplassar også skal flyttast ut av andre store byar.

Formuleringa om «andre store byar» vart lagt til av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Venstre la i mars fram eit forslag om at regjeringa må fjerna formuleringa igjen.

– Det er heilt meiningslaus og misforstått distriktspolitikk å plassera Bergen, Trondheim og Stavanger på same svarteliste som Oslo når det gjeld utflytting av statlege arbeidsplassar, meiner Bjørlo.

Njåstad meiner det som har skjedd med Fiskeridirektoratet har aktualisert problemstillinga.

– Men dette handlar om all form for lokalisering av statlege jobbar.

Bjørlo seier at problemet i Noreg er at ein ikkje klarer å bygga opp sterke fagmiljø og bu- og arbeidsmarknadsregionar som kan konkurrera med Oslo-regionen.

Helge Andre Njåstad (Frp)

Helge André Njåstad ønskar å setta regjeringa «på plass» og hindra svekking av «havbyen Bergen».

Foto: Jon Bolstad

Dødt løp

I kommunalkomiteen på Stortinget har partia Høgre, Framstegspartiet og SV i dag flagga si støtte til Venstre i denne saka. Raudt støttar regjeringspartia Ap og Sp.

– Eg er veldig glad for at me har fått brei støtte i komiteen. Men dette blir ein thriller fram til Stortingsvedtaket på tysdag, fordi stemmetalet er heilt på vippepunktet, seier Bjørlo.

Det er tre parti som ikkje har representantar i kommunalkomitéen. Dei må flagga standpunkt før avstemminga i Stortinget på tysdag.

Bjørlo antar at KrF og MDG er samde med resten av opposisjonen på Stortinget.

I så fall blir stillinga i stortingssalen 84-84, og den eine representanten til Pasientforum vil vera på vippen og kunna avgjera om regjeringa lir nederlag og må gi seg.

– Me kan risikera at Bergen blir verande på denne «fy-lista» viss regjeringspartia får støtte frå det ekstreme venstrepartiet Raudt og protestlista Pasientfokus frå Finnmark, medan alle andre parti på Stortinget støttar Bergen. Eg lurer på korleis Arbeidarpartiet då skal sjå veljarane sine i auga, meiner Bjørlo.

Irene Ojala i Pasientfokus.

Irene Ojala kan bli den stortingsrepresentanten som sikrar fleirtal for eller mot regjeringa sin desentraliseringspolitikk om flytting av statlege arbeidsplassar.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Pasientfokus vil kjøpslå

Irene Ojala er den einaste stortingsrepresentanten til den Finnmark-baserte lista Pasientfokus.

Hennar stemme kan komma på vippen og gi 85 stemmer til anten regjeringa eller opposisjonen i denne saka.

– Det er jo interessant at eg muligens er på vippen i saka. Eg har bestemt meg, og så er det opp til partane å ta kontakt. Begge veit jo kvifor eg er på Stortinget.

– Betyr det at du vil ha noko tilbake for å støtta ei av sidene?

– Ja. Dei har ikkje gjort jobben sin tidlegare når det gjeld sjukehustenester til befolkninga i Finnmark. No kan dei visa at denne saka er så viktig for dei at dei kontaktar meg. Så får me sjå kven som bestemmer, ler ho.

Les også Kamp om kva Vestlandsopprøret skal vere

Kleven verft