Hopp til innhold

Vil trekkje til seg ny aktivitet

Kjell Fagna er ny direktør i Nordfjord Havn, og han har store planar for hamnedistriktet. I tillegg til å satse vidare på turisme og fisk, meiner han det må vere mogleg å trekkje til seg aktivitetar frå oljeindustrien.

Torgkaia og ekspressbåtterminalen i Måløy

GÅR GODT: Nordfjord Havn er eit interkommunalt føretak som går med overskot.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– I desse dagar blir korta kasta litt opp i lufta og stokka på nytt. Det er mykje restrukturering i offshorenæringa, og eg trur vi skal klare å lande ein del av aktiviteten i Nordfjord havn, seier ny hamnedirektør i Nordfjord, Kjell Fagna.

Nordfjord Havn er eit samarbeid mellom kommunane Vågsøy, Selje, Stryn, Eid og Gloppen. Dei eig, driv og utviklar ei rekkje hamner i nordfjordområdet, og Fagna trur potensialet er endå større.

– Eg vil ha meir aktivitet, og kanskje ein litt annan aktivitet. Nordfjord Havn er eit føretak som går med overskot kvart år, og eg trur det er store moglegheiter for å få til endå meir her.

Vil halde seg unna konfliktar

Kjell Fagna

GLER SEG: Kjell Fagna gler seg til å ta fatt på arbeidet som ny hamnedirektør i Nordfjord Havn.

Foto: Åge André Breivik

Det har vore ein del strid rundt Nordfjord Havn den siste tida. Eid-ordførar Alfred Bjørlo har kritisert føretaket for å verre for oppteken av Måløy, etter at dei ikkje vil gå inn på eigarsida i den planlagde seawalken på Nordfjordeid. Fagna vil ikkje gå inn på dei debattane.

– Mi rolle er ikkje politisk, den er kommersiell. Eg blir ein embetsmann for alle kommunane, så får politikarane ta seg av det politiske.

Fagna understrekar likevel at han er budd på å vie merksemd til alle dei fem kommunane som er med på samarbeidet.

– Vi skal sjølvsagt sjå på moglegheiter i alle dei kommunane som er med i samarbeidet. Eg må likevel understreke at eg nett har byrja i stillinga, og eg har ikkje full oversikt over alle forhold endå.