Hopp til innhold

Vil tette hola på ladekartet – gir 100 millionar kroner til hurtigladarar

Enova skal no bruke 100 millionar for å sikre kortare avstand mellom hurtigladestasjonane langs norske vegar.

Hurtiglader for elbil

FLEIRE HURTIGLADARAR: Pengane frå det statlege selskapet Enova skal sikre at det også blir hurtigladarar i strok med tynt trafikkgrunnlag.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det skal vere mogleg å vere elbilist i heile landet. No skal vi vere med på å tette dei siste blanke stadane på kartet, seier Gunnel Fottland som er marknadssjef for transport i Enova.

Dei 100 millionar kronene skal sørge for at også dei strekningane der det ikkje er kommersielt grunnlag i dag, får ein hurtigladestasjon på plass.

Pengane kan også brukast på normalladarar på stader utan fast vegsamband og på til dømes fjellovergangar.

Vil ha fart på utbygginga

Konkurransen om å søkje om desse pengane blei lyst tidlegare i veka.

Under lanseringa sa klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) ifølge elbil.no at regjeringa ønskjer det skal vere enkelt å velje klimavennlege transportløysingar i heile landet.

– Som varsla i Hurdalsplattformen må vi setje fart på utbygginga av ladeinfrastruktur for elbilar i dei delane av landet der slik infrastruktur ikkje er godt utbygd.

Lading av elbil

MANGE: Målet er å få flest mogleg hurtigladarar for dei 100 millionar kronene.

Foto: Robert Hansen

I fjor fekk Statens vegvesen og Miljødirektoratet i oppdrag å kartlegge ladeinfrastruktur for vegtransport i Noreg. Rapporten avdekka eit stort etterslep på ladestasjonar.

– Fram mot 2030 treng vi mellom 10.000 og 14.000 hurtigladarar til lette køyretøy, i dag har vi berre 4000, sa seniorrådgjevar Christine Maass hos Miljødirektoratet til NRK i mars.

66 kommunar utan hurtigladarar

Fottland i Enova seier at det aller meste av hurtiglademarknaden blir bygd ut utan hjelp frå staten.

– Det er ei utvikling vi ser positivt på. Men det skal vere mogleg å kunne køyre og lade i heile Noreg, også der det ikkje er kommersielt drivverdig.

Enova har laga eit kart som viser kva strekningar som kvalifiserer for støtte. Desse er i heile landet, men primært nord for Trondheim.

I dag er det 66 kommunar i Noreg som ikkje har hurtigladarar.

– Vi er på jakt etter kommunar med tynt trafikkgrunnlag der det tek tid å bygge seg opp til at det blir drivverdig.

Les også Varslar meir ladekaos: Operatørar seier nei til ny betalingsløysing

Ny type ladebrikke frå Elbilforeningen

Glad for nye ladestasjonar

Norsk Elbilforening har over 100.000 medlemmer og tiltaket blir møtt med glede.

– Det er viktig at når vi satsar så mykje på elbil at elbil skal vere for alle uansett kor du bur i landet. Der er vi på veg no, seier kommunikasjonsleiar Unni Berge.

Tilbakemeldingane frå medlemmane viser at det byrjar å bli bra, fortel ho, men at det nokre stader enno er for langt mellom.

– Til dømes i Trøndelag, inn mot svenskegrensa i Innlandet og i Nord-Noreg kan dette kan vere stress når du køyrer elbil.

Kommunar utan hurtigladarar per 6/4-2022

UTAN LADARAR: Kartet viser at det er 66 kommunar utan hurtigladarar per 6. april 2022.

Grafikk: Enova

Har fleire krav

Det blir stilt nokre krav til dei som søkjer om pengane.

Det er dei mest kostnadseffektive løysingane som vinn fram, og Enova ser det som positivt at ladestasjonen kjem i nærleiken av eit servicetilbod.

– Og det må vere minst 25 kilometer til eksisterande ladetilbod, for dette skal ikkje vere til hinder for kommersielle aktørar som finst i marknaden. I kommunar utan hurtigladarar er kravet 15 kilometer, seier Gunnel Fottland i Enova.

No håper ho på flest mogleg hurtigladarar for dei 100 millionar kronene.

– Dei kostar 2 til 2,5 millionar kroner kvar, så det blir ein del, seier ho.

Les også Må bygge 10 000 hurtigladarar på åtte år

Ladekø på Brokelandsheia