Hopp til innhold

Her skal turistane teljast frå neste sommar

Utkikkspunktet Utsikten på Gaularfjellet har vore open i ein månad, men førebels veit ein ikkje kor mange som har vitja Utsikten. Det skal Nasjonale turistvegar gjere noko med.

Utsikten opning

VIL TELJE ALLE: Til neste år får vi vite kor mykje trafikken på Gaularfjellet har auka.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

– Det skal vere eit fast teljepunkt på vegen eit stykke nedanfor Utsikten. Så langt har vi ikkje fått noko derifrå, men frå neste sesong skal vi kunne komme med konkrete tal.

Det fortel Bjørn Andresen i Nasjonale turistvegar. Han er strekningsansvarleg for mellom anna Gaularfjellet.

Bjørn Andresen

VIL HA OVERSIKT: Bjørn Andersen i Nasjonal turistvegar vil vite kor mange som vitjar Utsikten.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Nasjonale turistvegar er eit tiltak Statens vegvesen driv for å auke trafikken på 18 utvalde strekningar i Noreg. Ei av dei er Gaularfjellet. Andresen fortel at det er viktig for dei å vite kor mange som vitjar turistattraksjonane.

– Turistvegane har som mål å få auke trafikken, og då er det interessant å sjå korleis det her utviklar seg over tid. Litt av suksessen til turistvegane avheng av ei faktisk trafikkauke.

Reiselivet jublar allereie

– Det har vore stor interesse for tiltaket. Eg har sjølv vore på plassen eit par gonger, og har sett at trafikken har auka. Turistane er godt nøgd med den opplevinga dei får der, fortel Andresen.

Og det lokale reiselivet har same oppleving som Andresen i Nasjonale turistvegar om suksessen til Utsikten.

– Vi heisa flagget den dagen utkikspunktet opna, og sidan den tid har vi hatt ei tredobling av besøkjande, seier blant anna Heidi Vallestad som driv Flatheim friluftsgard i Viksdalen.

vallestad

NØGD: Heidi Vallestad er strålande fornøgd med det nye utkikspunktet, og auka det har gjeve til turtistgarden ho driv.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Talet på turistar viktig for prosjektet

Utsikten på Gaularfjellet har kosta Nasjonale turistvegar og Statens vegvesen totalt 20 millionar kroner. Om ein skal kunne kalle prosjektet ein suksess, er det viktig at ein veit kor stor auka i trafikken på vegen er, fortel Andresen i Nasjonale turistvegar.

– For næringsutviklinga i distrikta vil det også vere viktig å kunne sjå om prosjektet er ein suksess.

Sjølv om reiselivet allereie jublar veit ein førebels ikkje kor mange som faktisk har nytta vegen etter opninga av Utsikten. Andresen skulle gjerne sett at dei hadde tal frå dag ein.

– Men vi har hatt eit program for å få på plass teljepunktet. Punktet på Gaularfjellet har vore planlagt ferdig i løpet av 2016. Vi skulle gjerne hatt det tidlegare, men det har ikkje vore mogleg. Frå neste sesong skal vi ha gode tal å vise til.