Hopp til innhold

Vil ta suksessen vidare

Prosjektet med lukka merdar for fisk, som er sett i verk ved Sulefisk i Solund, har til no vore ein suksess. Det skriv næringsavisa Sysla. Fiskane vart sett ut i merden i fjor haust, og til no har det ikkje vore angrep av lakselus.No håpar selskapet bak dei lukka merdane, Ecomerden, at dei kan starte produksjon av lukka merdar til hausten.