Hopp til innhold

– Desse kommunane er for små

Framstegspartiet vil ta nesten ein milliard frå 164 av dei minste kommunane. Målet er å tvinga fram kommunesamanslåingar.

Vil ta frå dei små og gje til dei store

VIL TA FRÅ DEI SMÅ: Framstegspartiet vil flytta nærmare ein milliard frå dei minste kommunane. Håpet er at det skal føra til fleire kommunesamanslåingar.

Foto: Kjelde kommunevåpen: Wikipedia

Gjermund Hagesæter

VIL STENGA PENGEKRANEN: Gjermund Hagesæter frå Frp meiner det må verta slutt på at ein betalar småkommunane for å vera små.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX POOL

Kommunane du ser på biletet over, har to ting til felles. Dei har alle under 3200 innbyggarar og tek imot Regjeringa sitt småkommunetilskot. No vil Framstegspartiet fjerna ekstrasummen som vert gitt til dei minste kommunane.

Målet er å pressa fram kommunesamanslåingar.

– Å fjerna dette tilskotet vil smerta dei kommunane det gjeld. Men målet med dette er å få i gang naturlege kommunesamanslåingar, seier Gjermund Hagesæter som sitt i Kommunal- og forvaltingskomiteen for partiet på Stortinget.

– Lønner kommunar for å vera for små

Frp-politikaren meiner småkommunetilskotet, som utgjer 5,16 millionar for dei fleste kommunane og 11,17 millionar for kommunane i Nord-Troms og Finnmark, held små kommunar kunstig i live. Partiet går inn for å fjerna tilskotet gradvis i løpet av ein tiårsperiode.

– Tilskotet er ei påskjøning til små kommunar for å vera for små. meiner Hagesæter.

Ifølgje tal frå Kommunal- og regionaldepartementet vil forslaget gjera at 929 millionar vert flytta frå små til større kommunar.

Hagesæter meiner økonomiske verkemiddel er eit godt alternativ til å slå saman kommunar med tvang. Han meiner kommunar på under 3000 innbyggarar er for små.

– Det er ikkje bra at kommunane er så små. Om ein skal handtera samhandlingsreforma, plan- og bygningsloven og eit mylder av kompliserte tenester som kommunane yter, så må ein vera større, seier Hagesæter.

Desse kommunane vil merka det, om småkommunetilskotet forsvinn:

Kommunane som vil tapa på at småkommunetilskotet forsvinn

Fylke:

Kommunar:

Kjelde: Kommunal og regionaldepartementet.

Østfold

2

Aremark og Rømskog.

Akershus

1

Hurdal.

Hedmark

7

Stor-Elvdal, Rendalen, Engerdal, Tolga, Alvdal, Folldal og Os.

Oppland

10

Dovre, Lesja, Skjåk, Lom, Sør-Aurdal, Etnedal, Nord-Aurdal, Vestre Slidre, Øystre Slidre og Vang.

Buskerud

5

Flå, Hemsedal, Flesberg, Rollag og Nore og Uvdal.

Vestfold

2

Hof og Lardal.

Telemark

5

Siljan, Hjartdal, Seljord, Kviteseid og Nissedal.

Aust-Agder

5

Gjerstad, Vegårdshei, Åmli, Iveland og Bygland.

Vest-Agder

3

Marnadal, Audnesdal og Hægebostad.

Rogaland

6

Lund, Bjerkeim, Finnøy, Kvitsøy, Bokn og Utsira.

Hordaland

9

Fitjar, Tysnes, Jondal, Ulvik, Granvin, Samnanger, Austrheim, Fedje og Masfjorden.

Sogn og Fjordane

14

Gulen, Solund, Hyllestad, Vik, Balestrand, Leikanger, Lærdal, Askvoll, Fjaler, Gaular, Jølster, Naustdal, Selje og Hornindal.

Møre og Romsdal

12

Sande, Ørskog, Norddal, Stordal, Nesset, Midsund, Sandøy, Gjemnes, Tingvoll, Rindal, Halsa og Smøla.

Sør-Trøndelag

6

Snillfjord, Agdenes, Roan, Osen, Rennebu og Holtålen.

Nord-Trøndelag

13

Meråker, Frosta, Verran, Namdalseid, Snåsa, Lierne, Røyrvik, Namsskogan, Grong, Høylandet, Fosnes, Flatanger og Leka.

Nordland

28

Bindal, Sømna, Vega, Vevelstad, Herøy, Leirfjord, Grane, Hattfjelldal, Dønna, Nesna, Lurøy, Træna, Rødøy, Gildeskål, Beiarn, Sørfold, Steigen, Hamarøy, Tysfjord, Lødingen, Tjeldsund, Evenes, Ballangen, Røst, Værøy, Flakstad, Bø, og Moskenes.

Troms

16

Kvæfjord, Skånland, Ibestad, Gratangen, Lavangen, Salangen, Dyrøy, Tranøy, Torsken, Berg, Karlsøy, Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy og Kværnangen.

Finnmark

13

Vardø, Kautokeino, Loppa, Hasvik, Kvalsund, Måsøy, Karasjok, Lebesby, Gamvik, Berlevåg, Deatnu-Tana, Nesseby og Båtsfjord.

Utheva kommunar i Nord-Troms og Finnmark får i dag dobbelt småkommunetilskot.

Ekspander/minimer faktaboks

– Eit dårleg forslag

For dei fleste småkommunane vil fjerninga av småkommunetilskotet bety vel fem millionar mindre på det kommunale budsjettet. Kristin Handeland frå Arbeidarpartiet, som er ordførar i øykommunen Fedje i Hordaland, er svært skeptisk til forslaget.

Kristin Handeland

REAGERER: Fedje-ordførar Kristin Handeland (Ap) har meiner forslaget frå Frp er dårleg.

Foto: NRK

– Dersom ein ønskjer at det skal bu folk i heile landet er dette forslaget svært dårleg, seier Handeland.

Ho er ikkje i tvil om at forslaget vil bety dårlegare tenester for innbyggarane i kommunen som har om lag 600 innbyggarar.

– Fem millionar er mykje på eit lite budsjett. På Fedje får me mange tenester for fem millionar, så eit slikt kutt ville vera katastrofalt for oss, seier ordføraren.

Om fjerning av tilskotet vil føra til fleire småkommunar ønskjer ikkje lokalpolitikaren å uttala seg om.

– Det kan godt henda, men det har ikkje eg noko grunnlag for å uttala meg om, seier Handeland.

Det er dei største kommunane i landet som vil tena mest på Framstegspartiet sitt forslag, viser tal frå Kommunal- og regionaldepartementet:

Desse kommunane vil tena mest på at småkommunetilskotet forsvinn

Kommune

Effekt av avikling (1000 kr)

Kjelde: Kommunal og regionaldepartementet

Oslo

114363

Bergen

49185

Trondheim

32885

Stavanger

23777

Bærum

21349

Kristiansand

15523

Fredrikstad

14094

Tromsø

12888

Sandnes

12646

Drammen

12046

Ekspander/minimer faktaboks

– Svelteforing

Kjersti Toppe som representerer Senterpartiet på Stortinget er slettes ikkje begeistra for forslaget om å ta frå dei små og å gje til dei store kommunane, sjølv om det vil slå godt ut for hennar eigen heimkommune Bergen.

Kjersti Toppe

KRITISK: Kjersti Toppe (Sp) meiner forslaget vil bety svelteforing av småkommunane.

Foto: Vågenes, Hallgeir / VG

– Framstegspartiet sitt forslag går ut på å sveltefora dei små kommunane for å tvinga dei til samanslåing, seier Toppe.

Ho meiner det hadde vore meir realt av Frp å gå inn for å tvinga kommunane til å slå seg saman.

– Det er ein veldig ureal måte å gjera det på. Dette vil gjera tilbodet i småkommunane dårlegare.

Men er ikkje mange av kommunane for små til å gjera jobben sin?

– Dei undersøkingane eg har sett viser slettes ikkje at det er betre å bu i ein stor kommune. Grunnen til at me har mange kommunar er at me har spreidd busetnad, og på mange område ser me at innbyggarane i små kommunar er vel så fornøgde, som innbyggarane i store kommunar, seier senterpartirepresentanten frå Bergen.

Vil bruka ti år

Gjermund Hagesæter brukar sin eigen heimregion som døme på det han meiner er ein effekt av småkommunetilskotet. Av dei seks kommunane i Nordhordland er det dei tre minste kommunane, som alle mottek småkommunetilskotet som har vore mest skeptiske til samanslåing.

– Det trur eg ikkje er tilfeldig. Eg meiner det beste hadde vore ein kommune i regionen, seier Frp-representanten frå Lindås kommune.

Framstegspartiet vil bruka ti år på å fjerna småkommunetilskotet. Hagesæter meiner det vil gje småkommunane god tid til å gå i dialog med nabokommunane om samanslåing.

– Kommunesamanslåingar tar tid, derfor synst me at ti år er ein passeleg periode. Då kan administrasjonar, lokalpolitikarar og innbyggarane i kommunane få rikeleg med tid til å vurdera om dei ønskjer samanslåing, seier Hagesæter.