Hopp til innhold

Vil ta årevis å sikre Voss mot flaum

Få stader i Noreg vert oftare råka av flaum. Førebyggjande tiltak vil krevje store naturinngrep, koste mykje og ta årevis. Fram til det må vossingane berre håpe på godt vêr.

Flaum på Voss

Både i 2014 og i 2015 opplevde vossingane store flaumar. Det vil ta minst fem år før bygda er sikra.

Foto: 03030-tipsar

To år på rad har Voss blitt råka av store flaumar. Folk er leie, og ønskjer ein slutt på at vatnet øydelegg hagar og heim ein gong i året.

– Det er fortvilande, men kva skal vi gjere? Naturen den gjer som den vil, og vi må berre vere førebudde på det, fortel eigaren av Voss camping, Sandy Mathiesen.

Flaum ved Voss Camping

FLAUMRÅKA: Slik såg Voss camping ut for ein månad sidan. Det var andre året på rad.

Foto: Lars Lic Trana

Minst fem år

Sist gong han fekk øydelagt arbeidsplassen og levebrødet sitt var i desember i fjor. Øvst på ein vegg har han merka kor høgt vatnet sto under flaumen året før.

– Alle campingvognene blei øydelagt. Absolutt alle. Det eg håpar no er at vi får gjort noko med det, fortel Mathiesen.

Kommunen har starta eit sikringsarbeid som minst vil ta fem år. Det vil koste mykje og krevje stor inngrep i Vosso-vassdraget.

Sandy Mathiesen, eigar Voss camping

FLAUMRÅKA: Sandy Mathiesen eig Voss camping. Her viser han kor høgt vatnet sto under flaumen i 2014.

Foto: NRK

– Vi må gjere naturinngrep

Vossoelva som ikkje klarer å ta unna nok vatn til å stoppe flaum når vassmengdene blir store. Difor må vossingane enten opne opp "sluket" eller stenge "krana" inn i Vangsvatnet.

No startar arbeidet med å sjå på eventuelle løysingar for kommunen. Ein av dei er å bygge tunnelar på minst 15 kilometer for leie vatnet til Fyksesund eller Bolstadfjorden.

Det finst inga enkel løysing, og det er umogeleg å løyse flaumproblemet utan å gjere naturinngrep. Då er det vi som tilpasse oss. Det vil seie at vi må finne oss i store flaumar med jamne mellomrom, og byggje på ein heilt anna måte, seier ordførar i kommunen.

– Vi kjem til å vurdere tiltaka nøye, og ser for oss ein utgreiingsperiode på tre år, Hans Erik Ringkjøb.

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar voss

MÅ GJERE NATURINNGREP: Ordførar på Voss, Hans-Erik Ringkjøb, meiner ein ikkje kjem unna å gjere naturinngrep dersom ein skal unngå fleire storflaumar.

Foto: NRK

Stridstema

Spørsmålet om å gjere naturinngrep og opne for kraftutbygging i Raundalselva kan bli eit stridstema på Voss. Elva er verna, men å temje den kan vere det enklaste tiltaket for å hindre flaum.

Leiar for Voss naturvernlag, Kåre Flatlandsmo, meiner fleire naturinngrep ikkje er vegen å og gå. Allereie no varslar han kamp for å behalde vassdraget.

– Vi skal vere med å diskutere forskjellige tiltak, men å ta Raundalselva ut av den samla verneplanen er ikkje eit tema. Vi kan ikkje gjere dei same kortsiktige feila om og om igjen, seier Flatlandsmo.

kåre flatlandsmo, leiar voss naturvernlag
Foto: NRK
Raundalselva, Voss

NATURINNGREP: Ein av dei enklaste måtane å hindre flaum på Voss er å byggje ut den verna Raundalselva. Dette kan bli eit stridstema på Voss.

Foto: NRK