Med desse unntaka støttar Fylkesmannen forslaget frå direktoratet om taretråling i sjøfuglreservat.
Både Direktoratet for naturforvalting og Fiskeridirektoratet har ute til høyring forslag om kvar ein kan hauste tare utan å komme i konflikt med fuglereservata.
Omstridd
Høyringa viser at taretråling er omstridd her i fylket. Til dømes er kommunar som har arbeidsplassar knytta til næringa, positive til taretråling, medan kommunar som ikkje ha slike arbeidsplassar, er negative.
I strid med fuglereservata
Teist. Arkiv NRK.
Fylkesmannen peikar i si fråsegn på at taretråling truleg strir mot hensikta med sjøfuglreservat slik Stortinget har formulert den, og at ein må bruke føre var-prinsippet - spesielt der toppskarv og teist har sine hekkeområde.
Forslaget frå Fiskeridirektoratet tek i for liten grad omsyn til dette, seier Fylkesmannen, og støttar forslaget frå Direktoratet for naturforvalting. Unntaket er at Fylkesmannen vil stenge heile Håsteinen reservat i Askvoll for tråling, men vil opne Frøyaskjera i Flora.
Frå 1985 og fram til 2003 er det årleg hausta rundt 40 000 tonn tare her i fylket. Dei føreslåtte verneforskriftene vil ikkje endre stort på dette, og det er ikkje vesentleg skilnad på mogleg tareuttak i dei to forslaga.
Mindre enn 15 % blir verna
Fylkesmannen konkluderer med at alle restriksjonane som er foreslått, vil næringa likevel ha tilgang på 85 prosent av dei tilgjengelege tareressursane i fylket medan mindre enn 15 prosent blir verna. Dersom næringa ikkje finn dette godt nok, må problemet vere eit heilt anna enn at nokre av dei mest sårbare sjøfuglreservata i fylket er stengde for tarehausting, skriv Fylkesmannen.