Hopp til innhold

Vil skattlegge surfeturistar

Hundrevis av surfarar og turistar strøymer til avsidesliggande Hoddevik i Stad kommune. No risikerer dei å måtte betale for å få surfe på bølgene.

Surfe-kronprinsen

MAJESTETISK: Surfestranda i Hoddevik er ein populær destinasjon for turistar. Her er Kronprins Haakon Magnus på surfetur i Hoddevik i 2017.

Foto: Fjordlapse Photography

– På hektiske sommardagar er det folk alle stadar. Når det ikkje lenger er plass til deg å vere, så vert du prega, seier Grete Hoddevik.

Saman med ektemannen bur ho på det som har vorte eit av Noregs nye surfeparadis langs kysten av Vestlandet.

Det var Bergens Tidende som omtalte saka først.

I Hoddevik er surfeturistane på jakt etter bølger, medan selfieturistane let seg lokka av kritkvit strand og ope hav.

Grete Hoddevik opplever forsøpling, natursvinn og store folkehav på dagane der turistar strøymer til som mest. Ho meiner turistskatt er løysinga, både for turistane og lokalbefolkninga.

– Eg hadde gledeleg betalt litt ekstra om eg skulle til ein plass, for å sørgje for at eg har det eg treng, seier Hoddevik.

Ein do og to søppeldunkar

Tidlegare i veka kunne vi lese at Stortinget for andre gong på to år har opna for diskusjon om turistskatt. Temaet har i lengre tid vore ei heit potet for politikarar og reiselivsnæringa i turisttette område frå nord til sør.

Tilbake i Hoddevik har ein lokal pensjonateigar tidlegare bede staten om å slutte med marknadsføring av naturperla, i frykt for kva det vil gjere med tryggleiken og naturen.

– Tenk om det kom ti tusen kinesarar i veka. Me har ein do og to søppeldunkar, seier Anne Kari Lerfald, som driv pensjonat i bygda.

Anne Karin Lerfald

SURFEMAMMA: Anne Kari Lerfald driv surfepensjonat frå huset sitt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er jo ei lita bygd, men det er ikkje lagt til rette for at det skal vere så mykje turistar. Viss 40 telt skal bruke same toalett, så kan du tenkje deg korleis det blir, seier Hoddevik.

Sjølv lyt ho ofte ta turen for å plukke bos og toalettpapir etter turistane, som tidvis ligg strødd rundt.

– Me har ein skog me held på å sage ned her på fjellet, og der flyt det med papir etter at folk har gjort frå seg. Det er ikkje kjekt, og sånn har det vore mange stadar, seier Hoddevik.

Spleiselag

Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Stad kommune meiner turistskatt er heilt nødvendig for å hindre overbelastning på område med høg turisme.

– Dette kan vere eit viktig middel for å forvalte slike stadar betre. Me ønskjer at desse reisemåla skal vere opne for alle. Høgt press på naturen kan redusere opplevinga for turistane, men også for dei som allereie bur der.

Han trur ikkje turistar vert vekkskremde viss dette vert gjennomført.

– Dette er vanleg andre stader i Europa. Eg trur turistane har stor forståing for at dette er eit naturlandskap som treng spesiell oppfølging, og difor gjerne med ei lita som i eit stort spleiselag. Det er nok ikkje så kontroversielt når alt kjem til alt.

Hoddevik

SELFIE: Mange stoggar på veg ned mot Hoddevik for å ta ein selfie med bygda i bakgrunnen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

NHO: – Skadeleg

NHO Reiseliv fryktar fleire vil velje vekk Noreg som reisemål til fordel for billegare destinasjonar.

– Noreg er i europatoppen når det gjeld kostnadar for turistar, og me har ikkje så store utfordringar med masseturisme. Ei skattlegging kan potensielt vere skadeleg for reiselivsnæringa i Noreg, og vil samstundes ikkje løyse dei få utfordringane med masseturisme, seier næringspolitisk fagsjef Ole Michael Bjørndal i NHO Reiseliv.

ole bjørndal
Foto: Per Sollerman/NHO

Han meiner det er andre alternativ som kan vere minst like effektive for å bøte på utfordringane til lokalsamfunnet.

– Det er kommunane si oppgåve å leggje til rette, og eventuelt sette avgrensingar slik fleire kommunar gjer med talet på cruisegjestar. Vidare kan ein innføre brukarbetaling på parkeringsplassar og toalett.

Men for Grete Hoddevik, er det ikkje tvil om at kostnadene for turistskatt er verdt det.

– Det er vel ikkje snakk om store summane heller. Så akkurat det kan eg ikkje sjå skal skremme vekk noko.