Vil skåne Astrup-landskapet

Astrup-landskapet blir skåna for den store kraftlinja som skal gå gjennom fylket. I eit utkast som no er på høyring går NVE inn for å kutte ut åtte ulike alternativ.

Utsikt frå sørsida av Jølstravatnet
Foto: Anny Skeide

Eitt av alternativa som no er fjerna er altså på sørsida av Jølstravatnet.

Men Erik Solheim i Naturvernforbundet meiner linja ikkje er mindre kontroversiell av den grunn.

 

 

Erik Solheim
Foto: Steinar Lote / NRK

- NVE har trekt ut dei alternativa som heilt opplagt kolliderer med viktige nasjonale miljømål, men dei har på ingen måte fjerna konfliktane ved dette gigantinngrepet.

Landskapsvernområde

Norges Vassdrags- og Energidirektorat - NVE - har laga sitt utkast til nye utgreiingsoppgåver for gigantlinja Fardal-Ørskog, og har sendt det til kommunane og Miljøverndepartementet for å få siste innspela før brevet blir offentleg.

I tillegg til å trekkje alternativet på sørsida av Jølstravatnet, trekkjer dei fleire alternativ gjennom Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde og eit alternativ på vestsida av Gloppefjorden. I Hornindal trekkjer dei det sørlege alternativet ved passering av Grodås. I tillegg føreslår NVE ei rekkje justeringar og endringar av dei alternativa som står igjen.

- Roar ikkje gemytta

 

Bjørn Lødemel
Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

Men heller ikkje Bjørn Lødemel som er ordførar i Hornindal synest endringane roar gemytta i hans kommune.

- Det gjer dei på ingen måte. Her er det veldig gale uansett kva alternativ vi får dersom det blir brukt luftlinje. Sjølv om dei har teke vekk det verste, så har dei lyfta inn eit anna som kryssar dalen på ein annan måte, så frå vår side er dette alvorleg framleis.

Nøgde med kabelframlegg

Det som både Solheim og Lødemel er svært nøgde med er at NVE pålegg Statnett å greie ut løysing med å legge linja i kabel. Her nemner NVE tre spesifiserte strekningar: Det er heile linja Fardal-Ørskog, sjøkabel ut Hyefjorden og over Nordfjorden, og kabel frå Leivdal i Eid til Ørskog. Det siste er heilt i tråd med Hornindal sitt ønskje, seier Lødemel.

- Dersom dei no er viljuge til å sjå på dette med kabel på ein ny og framtidsretta måte, så er dette eit veldig godt alternativ.

Solheim meiner NVE sitt utspel om kabling er oppmuntrande.

- NVE har iallfall eit stykke på veg forandra føresetnadene for diskusjonen ved at dei har innført eit nytt alternativ.

 Ingen i NVE vil kommentere utgreiingsbrevet, avdi det er til intern høyring og ikkje blir endeleg før om eit par veker.