Hopp til innhold

Eriksson lovar tannlegeassistentar erstatning

Arbeidsministeren vil setja endeleg punktum for kampen til tannlegeassistentane som smelta og knadde kvikksølv utan verneutstyr.

Robert Eriksson

VIL HA PUNKTUM: Arbeidsminister Robert Eriksson (Frp) meiner sakene til dei tidlegare tannlegeassistentane burde vore avslutta tidlegare, men no vil ha sørga for eit endeleg punktum.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Bertha Regine Serigstad

VANN MOT NAV: Bertha Regine Serigstad frå Stavanger har framleis plager i kvardagen etter at ho arbeidde som tannlegeassistent.

Foto: Mariann Habbestad / NRK

Like før jul vann den tidlegare tannlegeassistenten Bertha Regine Serigstad (72) i Høgsterett mot Nav og den norske staten.

– Eg må ha hjelp til det meste, seier Serigstad, som kvar dag slit med helseplager etter kontakten med kvikksølv.

Nav anka

Serigstad vann også i lagmannsretten, som meinte eksponeringa hadde gitt yrkesskadar, men Nav anka dommen til Høgsterett.

No lovar arbeidsminister Robert Eriksson at det skal setjast punktum for sakene til kvinnene som smelta og knadde kvikksølv utan verneutstyr.

I første omgang får dommen i Høgsterett konsekvensar for 17 andre tidlegare tannlegeassistentar.

– Har høgaste prioritet

– Eg har forsikra meg om at Arbeids- og velferdsetaten (Nav) er i gang med å gå gjennom dei sakene som er berørt av dommen. Dei har forsikra meg om at dette har høgaste prioritet, og då snakkar vi om månader, seier Eriksson til NRK.no.

Totalt meiner rundt 150 tidlegare tannlegeassistentar at dei har rett på erstatning. Frp-statsråden ber òg dei som tidlegare har fått avslag om å søkja på nytt.

– Då får vi ei rett behandling også for dei sakene, seier Eriksson.

– Han må få fart på sakene

Leiar i Tannhelsesekretærenes forbund, Gerd Bang-Johansen, trur ikkje på lovnadane til Erikssons før ho ser at dei er sett ut i livet.

– No håpar eg at vi har fått ein arbeidsminister som gjennomfører det han seier. Han må få fart på sakene, seier Bang-Johansen.

Etter at Brennpunkt i 2005 dokumenterte samanhengen mellom helseplager og kvikksølv, melde over 400 tidlegare tannlegeassistentar seg. Mange av dei er no gått bort.

– Veldig mange er gamle, veldig sjuke, og dei klarar ikkje kampen mot systemet og alle utgreiingane, seier Bang-Johansen.

Har ikkje høyrt frå Nav

Serigstad har enno ikkje høyrt noko frå Nav, over ein månad etter at dommen fall.

Ho er glad for at ho vann saka, både for seg og for dei andre som er i same situasjon.

– Men eg vil ha ei avslutning. Eg ventar faktisk ei unnskyldning, men det er kanskje for mykje å venta, seier ho.