Hopp til innhold

Vil samordne innkjøp av lærebøkene

Fylkesvaraordførar Tor Bremer (Ap) meiner Vestlandsrådet må samordne innkjøp av lærebøker til dei vidaregåande skulane på heile Vestlandet.

Tor Bremer

Fylkesvaraordførar Tor Bremer tek til ordet for ei samla innkjøpsordning av lærebøker for heile Vestlandet.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Slik vonar han at det vert lettare å få forlaga til å trykke lærebøkene på nynorsk.

- Diverre er det slik at vi har utvikla ein praksis der den enkelte skule bestiller læreverk sjølv. Dermed blir det mange småbestillingar. Det gjer det uinteressant for forlaget å trykke lærebøker, seier han.

Bremer trur skulane frå mindre valfridom i val av skulebøker, men meiner større bestillingar vil gjere det meir interessant for forlaga å trykke lærebøker på nynorsk. Ved skulestart var det mange elevar som stod utan lærebøker på nynorsk .

- Vi må få dette på plass og kan ikkje halde fram i uvissa med denne situasjonen, seier han.

Jens Kihl

Leiar i Norsk Målungdom, Jens Kihl.

Foto: Norsk Målungdom

Ein rapport frå Utdanningsdirektoratet viser at heile

13 fylke sat med eittspråkleg læremateriell

ved skulestart. Mellom desse var Sogn og Fjordane. At fylkeskommunen ikkje klarer å skaffe elevar i den vidaregåande skulen nynorske lærebøker til skulestart, provoserer Norsk Målungdom.

Leiar Jens Kihl fryktar at mange elevar ser seg nøydde til å skifte til bokmål.

Undervisningsutvalet i Sogn og Fjordane seier at ein jobbar aktivt med å betre tilbodet til neste skuleår. Dei vurderer no fleire tiltak.

- Kanskje fylke må inn med tilskot for å få forlaga til å gje ut lærebøker på begge målformer, seier utvalsleiar Gunvor Sunde.