Vil gje kommunane samla ansvar for vald- og overgrepshjelp

Frp og Høgre arbeider no for å få Venstre og KrF med seg på eit forslag om å opprette felles overgreps- og valdsmottak i kommunane.

Katja Nielsen ved Overgrepsmottaket

MANGE HAR TEKE KONTAKT: Så langt i år har fleire enn i heile fjor kontakta overgrepssenteret for å få hjelp. Katja Ann Nilesen vil gjerne også hjelpe valdsutsette.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Kommunane må få eit samla ansvar for hjelpetilbod innan vald og overgrep. Kommunane må bygge opp tilbod som samlar fagkompetansen på ein stad og som gjev eit best mogleg tilbod for brukarane, seier Frank Willy Djuvik i Frp.

Saman med Høgre arbeider dei for å gjere om på stortingsvedtaket som eit raudgrønt stortingsfleirtal vedtok i sommar.

– Eg er rimeleg trygg på at vi skal overbevise fleirtalet på Stortinget om at dette er fornuftig å gjere om, og når leiaren i helse- og omsorgskomiteen arbeider med saka, så er eg ganske sikker på at vi vil få resultat av det, seier Djuvik.

Frank Willy Djuvik

VIL HA ENDRING: Frp og Høgre vil gjere om på Stortingsvedtaket om at spesialisthelsetenesta skal ha ansvar for overgrepsmottak.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Då Stortinget hadde eit raudgrønt fleirtal vart det vedteke at spesialisthelsetenesta skulle overta ansvaret for overgrepsmottaka frå kommunane.

I Sogn og Fjordane har kommunane i fylket samla seg om eit felles overgrepsmottak, som har vore i drift sidan sommaren 2012. Til no har 24 personar fått hjelp der.

Viktig å forstå kva som ligg bak

Også familievaldskoordinator i fylket hos politiet, Linda Åmelfot, meiner det må jobbast for å få ei slik ordning på plass.

– Det er viktig å få opp kompetansen, noko ei samling av valds- og overgrepstilbodet vil gjere. Opplærde folk sikrar god behandling og sporsikring, seier Åmelfot.

Linda Åmelfot

YNSKJER FELLES MOTTAK: Også Linda Åmelfot, familievaldskoordinator i politiet, ynskjer å samle hjelpetilbodet til vald- og overgrepstilsette.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ho meiner at det med legar i turnus og nye legar kan bli tilfeldig oppfølging av pasientane.

– Dei veit ofte ikkje kva dei skal sjå etter, og det er viktig å sikre spor og også tenkjer over om det kan dreie seg om familievald. Det er nærliggande at valdtekter og vald skjer i nære relasjonar. Med felles ansvar for begge områda vil det bli enklare å avdekke dei tilfella som ligg i gråsona. Det kan også vere stor gjentakingsfare. Det er viktig å profesjonsfolk som kan ivareta alle.

– Eg følte meg verkeleg ivareteken

Kor viktig det er med kompetanse fekk «Silje» oppleve i sommar. Ho vart forsøkt valdteken i Sogndal, og etter å ha varsla politiet, vart ho sett i kontakt med overgrepsmottaket i Førde.

– Alle reaksjonane på det som hadde skjedd, kom då eg sat på overgrepsmottaket. Først då skjønte eg at det handla om meg og min kropp, fortel «Silje».

Ho visste ikkje kva hjelp ho kunne forvente å få, men ser i ettertid at ho skjøna kor viktig den hjelpa ho fekk var.

– Eg følte meg verkeleg godt teken vare på. I ein tung periode i livet mitt var det ei positiv oppleving. Ved overgrepsmottaket tok dei seg av meg der og då, og etterpå. Framleis har eg kontakt med Katja Nilsen. Det var ei god oppleving i alt det vonde.

Og det er den faglege kompetansen Djuvik også vektlegg, når han no vil gjere om på vedtaket.

– Det viktige er at brukarane får ei samanhengande behandling. Det er kommunane som har ansvar for oppfølging og vidare tilbod til dei som oppsøkjer overgrepsmottaket. Har kommunane ansvar for alt, så slepp ein å bli kasta rundt i ein allereie vanskeleg situasjon, seier Djuvik.

Vil vere viktig for å førebygge nye saker

Også Katja Ann Nielsen, som er sjukepleiefagleg ansvarleg ved overgrepsmottaket, seier eit felles mottak som kommunane har ansvar for vil vere ein fordel.

– Viss ansvaret blir lagt til spesialisthelsetenesta, så vil det gå ut over andre pasientar som er sett opp på poliklinikkar. Våre saker kjem gjerne på natta, og då må folk kallast inn. Slik vi har det no går vi i beredskapsturnusar, og vi har legar og sjukepleiarar i ei fast gruppe som har opparbeidd seg god kompetanse og erfaring, seier Nilesen.

Å slå saman dei to tenestetilboda er også eit pluss, både for dei tilsette og brukarane, trur ho.

– Vi får auka kompetanse med mengdetrening, og vi ynskjer også å arbeide førebyggande. Born som lever i familiar med vald er potensielt nye valdsoffer og valdsutøvarar. Tilsette må ha tid til å handtere og følgje opp slike saker. Omfanget av saker hjå oss vil også auke betydeleg om vi får ansvar for vald i nære relasjonar, trur ho.

Frank Willy Djuvik har god tru på at forslaget går gjennom.

– Eg har snakka med leiar i Helse- og omsorgskomiteen, Kari Kjønaas Kjos (Frp), og ho har allereie teke initiativ overfor Venstre og KrF, om å gjere endringar. Vi må sjå resultat ganske raskt. Eg har god tru på at dette forslaget vil bli behandla før jul.