Hopp til innhold

Vil prøve ut merder i havet

Florø-selskapet Nekst har søkt om konsesjonar til å teste nye typar merder som som skal kunne senkast ned i havet.

Havmerder Nekst

PÅ HAVET: Nekst vil teste merder på havet, som kan senkast 20 meter under overflata. Dei meiner det er betre for helsa til fisken.

Foto: Nekst

Selskapet fekk i sommar konsesjonar til å bygge eit oppdrettsanlegg på land, på Botnaneset i Florø.

No søker dei om løyve til å teste ut modellar for fiskeoppdrett på havet, i staden for i fjordar, som til no har vore vanleg. Begge desse prosjekta er del av ei utvikling mot ein meir moderne og bærekraftig oppdrettsnæring, hevdar selskapet.

På 20 meters djup

– Ved å ha merder lenger ute, frigjer ein areal, og det er betre gjennomstrøyming av vatn. Desse merdene kan senkast ned på 20 meters djup når det er store bølger, slik at merdene ikkje blir øydelagde, og då unngår vi rømming, seier Kjell Audun Aasen, som er partner i Nekst.

Selskapet søker om 16 såkalla utviklingskonsesjonar, saman med Marine Construction, som skal stå for å utvikle teknologi til prosjektet.

Dei har søkt om konsesjonar til å teste utanfor Bremanger, Askvoll og Flora.

Ein utviklingskonsesjon gir løyve til å teste den nye typen merder gjennom fleire stadier, fram til dei veit om det vil fungere eller ikkje.

– Betre for fisken sin helse

Aasen er overtydd om at denne typen oppdrett er betre for helsa til fiskane, enn slik oppdrett har vore fram til no.

– Det er mindre risiko for lus og sjukdomar når merdene ikkje treng å ligge så tett. Og det finst heller ikkje lus på 20 meters djup, seier Aasen.

Planen for prosjektet er at fiskane skal vere i oppdrettsanlegget på land fram til dei er 2,4 kilo, før dei skal flyttast ut i merdene på havet.

– Når dei har blitt så store er dei mykje meir motstandsdyktige mot lus og andre sjukdomar, seier Aasen.