Hopp til innhold

Vil plassere skredmålarar i bratte fjellsider: – Vi kan rope ulv litt sjeldnare

Forskarar vil finne ut meir nøyaktig kor mykje vatn som skal til før eit jordskred blir utløyst.

Stein Bondevik, Høgskulen på Vestlandet og Siri Hestad, NVE

NY MÅLING: Professor Stein Bondevik og hydrolog Siri Hestad kan snart følge nivået på grunnvatnet i Sogndalsdalen, frå time til time.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Tenk deg følgande scenario:

Du køyrer i eit område der det har gått ein del ras tidlegare, og denne haustkvelden regnar det masse. Så får du ei tekstmelding som seier at vasstrykket i grunnen i fjellsida over deg no er så stort at vegen må stengast.

Etter ein nokre timar får du ny beskjed som seier at vasstrykket har gått ned igjen, og at det no er trygt å køyre igjen.

Dette er ikkje ein vill fantasi.

I ei bratt fjellside i Sogndalsdalen i Vestland er det sett ned røyr som går fleire meter ned i bakken.

Det er utstyrt med ein sensor som kan registrere vasstrykket i jorda, det som på fagspråket heiter porevasstrykket.

I området her har det gått fleire jord- og flaumskred tidlegare, og det kjem til å skje igjen.

Når hauststormane kjem med store nedbørsmengder, vil målaren registrere kor mykje vatn som står i bakken – til ei kvar tid.

Arne Werkland, jordskred over fylkesvei på Kvamsøya.

Jordskred over fylkesveg på Kvamsøya i Møre og Romsdal.

Foto: Arne Werkland

Forskarar frå Høgskulen på Vestlandet og fagpersonar i NVE jobbar saman om prosjektet. Målet er å få meir kunnskap om kor mykje vatn som skal til for å utløyse jordskred.

– Vi kan truleg rope ulv litt seinare. Vi kan verte tryggare på at no er det verkeleg kritisk, seier professor Stein Bondevik ved Høgskulen på Vestlandet.

Sensor for å måle vasstrykk i grunnen

Målaren blir plassert inn i eit rør, og registrerer vasstrykket frå time til time.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ønsker betre målingar

Skredhendingar er komplekse, og utløysinga er mellom anna avhengig av hellinga, massane i bakken, snøsmelting og nedbør.

Men heilt sentralt er porevasstrykket.

Basert på tidlegare målingar av reelle skredhendingar fann Bondevik ut at den kritiske fasen, der det er fare for skred, er kortare enn ein ofte trur.

– I store delar av tidsperioden vi målte, 99,87 prosent, så var ikkje grunnvatnet kritisk. I ein typisk hauststorm på Vestlandet er det berre kritisk rundt fire til fem timar.

NVE har over tid bygd opp ei nett av stasjonar over heile landet, som mellom anna måler grunnvatnet, og som er ein sentral del av varslingstenesta varsom.no.

Fordeling av grunnvass-stasjonar

Det finst i dag stasjonar over heile landet som målar grunnvatnet, men nesten ingen av dei er plasserte i bratt terreng.

Foto: NVE

Men så godt som alle stasjonane i dag er plasserte i flatare terreng.

Bondevik meiner det er viktig å bygge fleire målestasjonar i bratt terreng.

– Dei fleste data som finst i dag er basert på korleis grunnvatnet er i dalbotn. Det er ikkje alltid representativt for det som skjer oppe i skråninga.

Jord- og steinskredet som har gått fra fjellet Griseskolten ned mot Skoltaneset/Innsneset i Rauma.

Jordskred tidlegare i sommar i Rauma kommune i Møre og Romsdal.

Foto: Arnt Olsen

Lokale data

Jordskredvarslinga har eksistert sidan 2013 og er mellom anna basert på meteorologiske observasjonar, modellprognosar og analyse av historisk skredaktivitet.

Også Norges Geotekniske Institutt (NGI) har sett nærare på korleis lokale målingar av vasstrykket i bakken har bidrege til lågare usikkerheit i varsling av potensielle flaumskred.

Konklusjonen er at det er mogleg å forbetre lokale varsel betydeleg.

– På sikt kan ein tenke seg å gjennomføre målingar i spesielt utsette område, noko som vil gi ein verkeleg lokal varsling av jord- og flaumskredfare, skriv NGI i ei oppsummering.

NVE: – Vil ta tid

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) seier forskingsfeltet i Sogndalsdalen er særs viktig for å få vite meir om kva som utløyser jord- og flaumskred.

Data frå denne stasjonen vil kunne gi svar på om modellane som blir brukt i skredvarslinga er presise nok.

I tillegg kan fleire målarar bidra til betre lokal varsling.

Stein Bondevik, Høgskulen på Vestlandet og Siri Hestad, NVE

Fjellsida ved Anestølen i Sogndalsdalen er bratt. Her har det gått fleire jordskred tidlegare.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Etter kvart ønsker NVE å få på plass fleire stasjonar og målepunkt, som kan måle nivået på grunnvatnet i bratt terreng.

– Vi ønsker å etablere fleire stasjonar, men der er ein del utfordringar. Vi treng fleire månader, opp til eit år, for å sjå om eit område eignar seg. I tillegg trengst det ofte mange år med målingar for å etablere god nok statistikk, seier hydrogeolog og seksjonssjef Hervé Colleuille.

Han seier det også er eit ressursspørsmål kor mange stasjonar og målarar som skal plasserast ut, ettersom det er behov for datakontroll og vedlikehald.