Vil overvake verdsarvfjord

Verdsarvstyret i Nærøyfjorden ønskjer å kartlegge omfanget av utvasking og erosjon i strandsona. Forskingsmiljøet Uni Research Polytech seier til lokalavisa Aurlendingen at det truleg er bølgjer frå skip som er årsaka til problema. Dei føreslår å bruke kameraovervaking av visse punkt for å dokumentere omfanget. For to år sidan konkluderte Statens naturoppsyn også med at båt- og skipstrafikken på fjorden fører til øydeleggingar og erosjon.