Hopp til innhold

Stad skipstunnel tema på pressemøte i Selje

Regjeringspartia og samarbeidspartia riggar til pressemøte i Selje i samband med Nasjonal Transportplan.

Stad skipstunnel

REALISERING: Slik ser ein føre seg at Stad skipstunnel skal sjå ut.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Mykje talar for at Stad skipstunnel er inne i Nasjonal Transportplan. Regjeringspartia Høgre, Frp og samarbeidspartia Venstre og KrF har invitert pressa til Selje for å orientere om skipstunnelen.

Fleire media har siste dagane meldt at den mykje omtala at tunnelen er inne med pengar for 2018–2029.

Lars Svein Drabløs på fylkesårsmøte

SEIER IKKJE: Lars Svein Drabløs, fylkesleiar i Frp, vil ikkje kommentere innhaldet i dagens pressebrief i Selje.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi er fire parti som finpussar transportplanen, og det vil vere ureieleg for meg å seie noko som helst. Men de er nok meir spente enn meg, seier ein løyndomsfull Lars Svein Drabløs (Frp) til NRK.

– Unikt prosjekt

Partifelle Oskar Grimstad i Møre og Romsdal går derimot langt i å stadfeste at seljeværingane kan plukke fram både flagg og kake.

Oskar Grimstad og Bjørn Lødemel smiler stolt over småkraftprisen 2015

PRESENTERER: Stortingspolitikar Bjørn Lødemel frå Høgre og Oskar Grimstad (t.v.) er mellom politikarane som deltek på møtet i Selje.

Foto: Mikkel Aanderaa / Småkraftforeninga

– Vi legg fram detaljane rundt eitt av dei mest spennande prosjekta som har vore presentert i Norge på mange, mange tiår. Det er eit heilt unikt prosjekt, så det er spennande å sjå kva som kjem fram, seier og legg til:

– Vi kan ikkje seie så mykje før alt er på plass. Det er forhandlingar heilt fram til det blir offentleg, så det er spennande å sjå kva som blir det endelege resultatet av dette spelet.

Ventar avklaring

Den føreslegne, og grundig greidde ut, tunnelen skal gi skip ei tryggare lei forbi ei av landets mest vêrutsette halvøyer. Tunnelen vil bli verdas største tunnel for skip.

Tunnelen er kostnadsrekna til kring 2,5 milliardar kroner. I dag er det venta at politikarane vil seie kor mykje midlar og kva tidsaspekt dei ser føre seg til bygginga av den 1.700 meter lange tunnelen.

Stad skipstunnel

SKIPSTUNNEL: Det er planlagt at Stad Skipstunnel skal ligge med sørleg opning i Moldefjorden og nordleg opning i Kjødepollen.

Foto: Illustrasjon: Kystverket/Appex

– Bodskapen vår er at tunnelen skal inn i første fireårsperiode, noko anna er ikkje aktuelt. Kjem tunnelen inn i andre halvdel, er det mykje mindre forpliktande og lettare å flytte på. For oss vil det vere eit nederlag, sa leiar for prosjektgruppa for Stad skipstunnel, Randi Paulsen Humborstad, til NRK i slutten av februar.

Spent ordførar

Stein Robert Osdal, ordførar i Selje

SPENT: Stein Robert Osdal (KrF), ordførar i Selje, er spent før dagens pressebrief i Selje.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal (KrF), er ein annan som håpar på ei gladmelding i Selje i dag.

Medan andre fylke har fått sine drypp frå Nasjonal Transportplan siste tida, har ordføraren nesten ikkje fått sove siste tida.

– Eg merkar at spenninga tok seg opp då TV2 måndag kveld fortalde at etter det dei kjende til så var skipstunnelen inne i Nasjonal Transportplan. Etter det så har eg sjekka mobilen flittig, sa Osdal til NRK i går.

Selje sentrum

Invitasjonen som er sendt pressa er underskriven:

  • Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H), Sogn og Fjordane
  • Stortingsrepresentant Elisabeth Røbekk Nørve (H), Møre og Romsdal
  • Fylkesleiar Lars Svein Drabløs (Frp), Sogn og Fjordane
  • Stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp), Møre og Romsdal
  • Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V), Sogn og Fjordane
  • Vanylven-ordførar Lena Landsverk (V)
  • Stortingskandidat Tore Storehaug (KrF), Sogn og Fjordane
  • Eks-ordførar i Vanylven Jan Helgøy (KrF)

Møtet skal vere klokka 1330 på hurtigbåtkaien i Selje sentrum.