Hopp til innhold

Vil opprette 90 asylplassar

Berre ein kommune i Sogn og Fjordane blir vurdert som vertskap for eit nytt asylmottak.

(Illustrasjonsfoto)
Foto: Martin Kierstein

- Vi har fått eit tilbod i Bremanger på 72 faste plassar og 18 stykkprisplassar som er plassar som skal utgjere ein buffer for oss, seier regiondirektør Atle Berge i UDI.

Betydeleg skepsis

Det har vore betydeleg skepsis i Bremanger mot å vere vertskap for eit asylmottak, men det er ikkje kommunen sjølv som avgjer om det skal skje. I staden er det asylmottak-operatøren Lopex som no har tilbydd Utlendingsdirektoratet desse plassane, og UDI vil no vurdere om dei faktisk skal gå i gang med ei etablering.

Lopex sitt tilbod inneber ein hovudbase i gamleskulen i Kalvåg, men med omtrent like mange plassar i Bremanger og Svelgen.

Berre eitt tilbod

Ei rekke stader i Sogn og Fjordane har vore aktuelle for å hjelpe til med å ta unna det store talet asylsøkjarar som er venta til Norge i tida framover, men det resulterte berre i eit konkret tilbod.

- Det vi kan konstatere er at vi berre har fått tilbod frå Bremanger som kan innebere ei etablering, seier Berge.

I tillegg til den eine staden i Sogn og Fjordane har det kome tilbod frå Bømlo, Sund og Bergen i Hordaland og Strand kommune i Rogaland.

Veit ikkje når

Berge kan framleis ikkje seie noko om når dei bestemmer seg for om det faktisk skal opprettast eit mottak i Bremanger.

- Det er litt vanskeleg å kome med ein eksakt dato. Dei næraste vekene vil vi diskutere om dei er kvalifisert. Er dei det går me i forhandlingar, seier Berge.