Sp vil opne opp sjukeheimane for besøk

Sp vil opne opp for meir besøk på sjukeheimane, trass i at 101 bebuarar er døde av koronaviruset.

Kjersti Toppe

VIL OPNE OPP: Kjersti Toppe sit i helse og omsorgskomiteen på Stortinget for Sp.

Foto: Ingrid Aarekol / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Strenge besøksrestriksjonar gjer at eldre på dei 900 sjukeheimane her til lands lengtar etter besøk. Samstundes kan NRK avdekke at 101 bebuarar på sjukeheimane så langt har døydd av koronaviruset.

No ynskjer stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) at det likevel blir lagt til rette for meir besøk.

– Det må vere dei eldre som til sjuande og sist må bestemme om dei vil ha besøk, og utsetje seg for ein viss risiko eller ikkje, seier Toppe.

Toppe, som sit i Helse- og omsorgskomiteen, seier koronakrisa kan vare i månadar og opptil to år før det kjem ei vaksine.

– Det blir ei for lang periode å vere avskorne frå all kontakt. Dei fleste som bur på sjukeheimar avsluttar liva sine der, og i snitt bur eit menneske to år på ein sjukeheim.

Metodisthjemmet

GRANSKAST: 13 bebuarar er døde etter å ha blitt smitta av koronaviruset, no skal fylkeslegen granske institusjonen.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

Mange lengtar etter besøk

Siren Eriksen er seniorforskar ved Nasjonal kompetanseteneste for aldring og helse, ho seier at manglande besøk har stor innverknad på både fysisk og psykisk helse.

– Vi må etter kvart gjere noko med dette, men vi må balansere smittevern med behovet for besøk, seier Eriksen.

Siren Eriksen
Foto: Martin Lundsvoll / Martin Lundsvoll

Styresmaktene har ikkje ei eiga oversikt over tilstandane. NRK har derfor kartlagt sjukeheimane her til lands ved å kontakte 200 av dei kring 260 kommunane der det er registrert koronasmitte i Noreg.

  • Smitta av koronaviruset har ført til dødsfall ved 31 sjukeheimar.
  • Sjukeheimsbebuarar i 13 kommunar er døde etter smittespreiing på sjukeheimane.
  • På desse sjukeheimane er totalt 101 døde.

Meiner pårørande må kunne besøke eldre utan å risikere smitte

Kjersti Toppe fryktar at sjukeheimane innfører strengere restriksjonar enn det styresmaktene har pålagt dei.

– Helsedirektoratet har vedteke eit generelt besøksforbod på sjukeheimar, men dei har sagt at det kan vere unntak for friske eldre, om kommunane legg til rette for det.

Toppe har sendt skriftleg spørsmål til helseminister Bent Høie, og krev at reglane må tydeleggjerast for sjukeheimane.

– Sjølv om dei kan legge til rette for besøk, er mi erfaring at dette ikkje blir gjort, og at det blir ei rådande oppfatning av at pårørande ikkje kan kome på besøk i det heile teke, seier Toppe.

– Kva med faren for at andre som ikkje vil ha besøk kan bli smitta om viruset spreier seg på ein sjukeheim?

– Det må vere klare reglar for korleis dei kan ta imot besøk. Kanskje på eit besøksrom nær utgangane, og der smittevernomsyn blir vareteke. Om ikkje ein får det til, blir det ei kollektiv umyndiggjering av alle eldre, seier Toppe.

Lovar klarare råd

Helsedirektoratet ser no på korleis sjukeheimar kan legge betre til rette for besøk og kontakt med pårørande. Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) lovar klarare råd framover.

– Vi skal kome med klarare råd, for å unngå at regelverket vert praktisert strengare enn naudsynt.

– Så regelverket har ikkje vore klart nok?

– Regelverket har vore ganske klart på dette med besøk, men vi ser nok at praktiseringa har vore ulik. Difor har vi behov for eit meir detaljert regelverk for kva som er greitt ved besøk, seier Høie.

Sjølv om ein bebuar ikkje fryktar smitte og vil ha besøk av pårørande, så meiner Høie det er viktig å tenke på alle dei andre som bur same stad.

– Noko av utfordringa er at dette ikkje berre handlar om smittevernet til ein enkelt bebuar, men om smittevernet til alle som bur på institusjonen.

Bent Høie

BESØK: Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) forstår at det er ei vanskeleg tid for pårørande og bebuarar, men lovar eit klarare regelverk for kva som er greitt når det kjem til besøk.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 20.06.2021
1 113
Smittede siste 7 dager
39
Innlagte
790
Døde
2 122 782
Vaksinerte