Vil merke maten etter kor godt dyra har det

Ny undersøking viser at 6 av 10 tenkjer på dyrevelferd når dei handlar mat, og EU varslar eit eige dyrevelferdsmerke. Norges Bondelag vil ikkje ha det.

Frivillig dyrevernmerking i Italia

FOR EKSEMPEL SLIK: I Italia har dyrevernorganisasjonane CIWF og Legambiente utvikla dette frivillige merket for svineprodusentar i landet.

Foto: Skjermdump / CIWF og Legambiente

– Kundane våre spør etter norsk, lokalt kjøt, seier tilsett ved ferskvarehandelen på Coop i Førde, Silje Gustavsen.

Ei ny undersøking tyder at 6 av 10 tenkjer på dyrevelferd når dei handlar mat.

I dag finst det fleire norske ordningar som seier noko om dyrevelferd, blant anna Nyt Norge, Dyrevernmerket og Debio.

Eit dyrevelferdsmerke etter modell frå næringsdeklarasjonen, der ulike produkt blir rangerte ut frå dyrevelferdskrav, har likevel latt vente på seg.

SV føreslo eit slikt merke i 2019. Dei viste til «spreidde tiltak for merking», men sakna offentlege, standardiserte og lovpålagde løysingar.

Etter avsløringar frå NRK tidlegare i sommar om svineindustrien sine løftebrot, har presset auka.

På Coop i Førde er dei usikker på om det finst ein marknad for eit dyrevelferdmerke.

ØNSKJER NORSK: Ferskvaretilsett Silje Gustavsen og fruktansvarleg Merete Birkeland fortel at kundane er mest opptatte av at varene er norske.

Foto: Jo Arne Marvik / NRK

– Må få tydeleg informasjon om korleis dyra har det

– Etter dei skandalane me har blitt vitne til, meiner me det er på tide at norske forbrukarar får tydeleg informasjon om korleis dyra har det, seier fungerande leiar i MDG, Arild Hermstad.

I Italia har dyrevernorganisasjonane utvikla eit merke med graderingar for dyrevelferd (sjå bilete over).

I serveringsbransjen har Mattilsynet ein smilefjesordning som fortel forbrukerne om dei hygieniske forholda.

Hermstad ynskjer seg noko liknande.

– Det handlar om tilgang på uteareal, halm, strø, og andre forhold. Det er ting som forbrukarane treng å vite for å få tilbake tilliten til produsentane, seier han.

– Vil auke truverd og transparents

Ei ulykke i Romania der 14.000 sauer drukna, gjorde at dyrevelferd vart sett høgt på agendaen i EU for to år sidan.

I februar i år sa det portugisiske presidentskapen i Ministerrådet at dyrevelferd «er eit prioritert område» og at dei håpar å få på plass ein avtale om dyrevelferdsmerking av matvarer innan desember 2021.

Tiltaket er ein del av den såkalla Farm to Fork-strategien, men lite talar for at merket vil vere obligatorisk.

– Ein felles EU-logo for dyrevelferd på matvarer vil auke truverd og transparents, og gjere det mogeleg for forbrukarane å ta meir informerte val, skriv Stein Ivar Ormsettrø, som er norsk matråd ved EU-delegasjonen i Brussel.

Kollage av dyrevernmerking

MERKING: Her er eit, utsnitt av nokre av dyrevernmerkinga som finst i Europa. Så langt NRK kjenner til finst det ingen som er obligatoriske. Oppe til høgre er merket utvikla av Dyrevernalliansen i Noreg.

Foto: Jo Arne Marvik / NRK

– Krev fleire tiltak på systemnivå

Gunstein Instefjord er leiar for forbrukarpolitisk eining i Forbrukarrådet.

Han seier Forbrukarrådet i utgangspunktet er positive til eit offisielt merke, men at dette vil vere ressurskrevjande og «krev fleire tiltak på systemnivå».

– Men ei merkeordning kan vere eit positivt tiltak då det er forbrukarar som ønskjer å vite dette, seier han.

Dyrevernmerket, som finst i dag, er utvikla av Dyrevernalliansen, og stiller strengare krav enn dei nasjonale regelverka.

Også ute i Europa har det dukka opp ulike merkeordningar som kommuniserer at produkta kjem frå dyr som er behandla betre enn det nasjonale regelverket krev.

«Bedre dyrevelferd» i Danmark (BD), RSPCA Assured i UK (RSPCA), Für mehr Tierschutz i Tyskland (FmT) og Beter Leven i Nederland (BL), for å nemne nokre av dei.

Med unntak av det danske merket BD, er alle initiert av dyrevelferdsorganisasjoner.

Dyrevernmerket

DYREVERNMERKET: Dette merket er utvikla av Dyrevernalliansen, og stiller strengare krav enn dei nasjonale regelverka.

Foto: Dyrevernalliansen

Norges Bondelag: Skeptiske

– Me er skeptiske til ei merkeordning som rangerer norsk mat inn i ulike klassar. Oppgåva vår er å sørge for at alle dyr i Noreg har det bra, seier Bjørn Gimming.

Leiaren i Norges Bondelag meiner avsløringane til NRK om norsk svinehald er avvik, og ikkje teiknar eit representativt bilete av forholda til norske husdyr, eller til gris generelt.

I staden skildrar han ei næring som er oppteken av å betre dyrevelferda og som er samla rundt eit forskriftsfesta dyrevelferdsprogram.

Her blir produsentar som ikkje overheld krava økonomisk straffa.

– Det er den breie jobbinga som er viktig, fortel han.

– Kan ikkje eit slikt merke fungere som eit insentiv for matprodusentane til å auke dyrevelferda?

– Me meiner det blir feil framgangsmåte. Me må jobbe for å få all husdyrproduksjon til eit høgare nivå, ikkje berre fokusere på nokre få som skal få eit særskild kvalitetsstempel.

Fungerende MDG-leder Arild Hermstad mener storproduksjon må skrotes til fordel for små- og mellomstore gårder.

MDG-ARILD: Den norske dyrevelferdsloven frå 2010 var blant de første dyrevelferdslovene i verda som slo fast at «Dyr har eigenverdi uavhengig av den nytteverdi de måtte ha for menneske».

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK