Hopp til innhold

Vil melde truslar

Advokaten til ein av dei tre mennene som nyleg blei frifunne for valdtekt av ei då 18 år gammel sognejente i 2014, stadfester at dei vil politimelde alle valdstruslar mot hans klient.

Då lagmannsretten tidlegare denne veka frikjende dei tre tiltalte, la fornærma ut eit innlegg på Facebook som namngav dei. Innlegget har blitt delt over 1300 gonger, og dei no frifunne mennene skal ha fått ei rekkje truslar. Advokat Arne Seland sier til NTB at dei vil samle opp truslane og melde dei samla.