Hopp til innhold

Vil mangle lærarar trass kutt

Sjølv om det kan bli omfattande kutt i den vidaregåande skulen dei neste åra, vil det likevel bli lærarmangel.

Undervisning

FOR FÅ: Trass skulekutt og behov for færre lærarar vil det likevel bli for få lærarar i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane dei komande åra.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

I dag er det 13 vidaregåande skular i Sogn og Fjordane, men elevtalet går kraftig ned og politikarane er tvinga til å sjå på skulestrukturen.

For nokre veker sidan vart det lagt fram tre forskjellige kuttmodellar – alle inneber omfattande skuleendringar og nedleggingar.

Men sjølv om det skulle bli færre skular i åra framover vil ein framleis slite med å ha nok lærarar.

Mange lærarar kjem nemleg til å pensjonere seg, medan andre kanskje droppar læraryrket på grunn av den veldige uroa rundt skulestrukturen.

Vil ha behov for 60 færre lærarar

Om lag 820 lærarar jobbar i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane no. Men elevtalet stuper og i 2016 vil det vere behov for rundt 60 færre lærarar.

Det fallande elevtalet vil også føre til at det truleg vil vere færre vidaregåande skular i fylket. Dei tre skulekuttmodellane til Norconsult føreslår nedlegging av mellom tre og sju skular.

Debatten om korleis politikarane skal kutte og kva dei skal leggje vekt på rasar no for fullt, men at det må gjerast grep er noko dei fleste har teke inn over seg.

Mange går snart av med pensjon

Bekka Skaasheim

KJENDE MED PROBLEMET: Bekka Skaasheim seier dei mange gamle lærarane er ei problemstilling dei har jobba med lenge.

Nesten ein fjerdedel av dagens lærarstab er over 60 år. I fjor var det 191 lærarar som nærma seg pensjonisttilværet med stormskritt.

Bekka Skaasheim som er direktør for opplæring i fylkeskommunen seier dette er noko dei lenge har vore klar over.

– Vi er godt kjende med alderssamansetnaden i det pedagogiske personalet ved dei vidaregåande skulane.

– Arbeidet med rekruttering og stabilisering er noko vi har hatt fokus på lenge, seier Skaasheim.

Fryktar rekrutteringa blir vanskelegare

I 2016 vil det altså vere behov for rundt 60 færre lærarar i den vidaregåande skulen. Men om alle dei 191 lærarane som no er over 60 år har pensjonert seg innan då, så blir det altså for få lærarmangel. Trass skulekutt og kutt i lærarjobbar.

Gunn Marit Haugsbø i Utdanningsforbundet fryktar uroa og debatten kring skulestrukturen skal gjere det vanskelegare å rekruttere lærarar.

– Det er behov for den kompetansen som er i organisasjonen i dag.

– No ligg det veldig mange puslespelbitar på bordet, og det gjer til at nokre opplever dette som veldig usikkert. Dermed kan nokre velje å søkje meir tryggleik ved å skaffe seg anna arbeid.

Gunn Marit Haugsbø

UROA: Gunn Marit Haugsbø i Utdanningsforbundet fryktar uroa skal skremme folk vekk frå jobben som lærar.

Foto: Vegar Erstad / NRK