– Vi meiner dette vil forsterke opplevingsverdien av verdsarvfjorden på haust, vinter og vår, seier Per Svanes. Han er koordinator for eit nytt prosjekt i Nærøyfjorden.
Kvar dag gjennom vinteren går turistbåten «Vision of The Fjords» gjennom Nærøyfjorden. Men det er ikkje så mykje turistane får sjå av verdsarvfjorden, når dei tek båten i mørkeret på vinterstid.
Dette vil The Fjords som driftar båten gjere noko med. Saman med Flåm AS og Nærøyfjorden Verdsarvpark søkjer dei no om finansiering og løyve til å lyse opp utvalde område av fjorden.
– Vi trur dette vil gjere Nærøyfjorden meir attraktiv på vinterstid og få fleire turistar hit. Dette vil vere med å auke belegget på overnattingsstader og spisestader, seier Svanes.
Ønskjer ideen velkomen
– Eg trur det kjem til å bli ein attraksjon. Sjølv vil eg gå ned på kaia og kikke på. Det blir veldig kjekt, seier Arild Dyrdal.
POSITIV: Nærøyfjorden er Arild Dyrdal sin bakgard. Han ønskjer lyskastarane velkommen.
Foto: Torje Bjellaas / NRKDyrdal er ein av få fastbuande i Nærøyfjorden. Her er han omgitt av 1000 meter høge fjell og på ein overskya vinterdag kan det bli veldig mørkt i fjorden. Dyrdal håpar at ideen vil bli realisert.
– Eg trur ikkje det vil vere mange motførestillingar mot dette. Det er jo vanleg å lyse opp kyrkjer og skibakkar.
– Heilt utruleg
Dee Cunningham bur også i Nærøyfjorden. Han er ikkje like positiv til prosjektet.
– Eg tykkjer det er heilt utruleg. Skal dei ta ein av dei få plassane som faktisk er mørke og setje opp lys der også.
Cunningham meiner det er viktig å avgrense turismen i verdsarvområdet, slik at naturen ikkje tek skade.
– Ein ser kva som skjer om ein ikkje tek omsyn til naturen. Eg har vore i mange verdsarvområde som er overkøyrt av dei som vil tene pengar på det, dit vil eg ikkje reise tilbake.
SKEPTISK: Dee Cunningham er skeptisk til det nye prosjektet.
Foto: Steinar Lote / NRKLyskastarar på land eller vann
Korleis dette skal løysast teknisk er endå ikkje klart. Svanes seier at dei vurderar to ulike løysingar, enten å ha lyskastarar på båten eller på land.
– Lyset skal styrast frå båten, der vil det vere ein av-og-på-knapp. Lyset skal berre vere på når båten går forbi, forklarar han.
Prosjektgruppa ønskjer i første omgang å lyse opp to punkt i Nærøyfjorden og teste desse ut på turistar neste vintersesong. Om dette blir ein realitet er det opp til styret for verneområdet å avgjere.
– Vi er avhengige av å ha med oss grunneigarar og forvaltningsmyndigheiter. Er dei positive til det, så trur eg ikkje det vil vere så mange innvendingar, seier Svanes.
Dersom forprosjektet er vellukka, er målet å få 15 slike opplyste punkt i Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden.
VERDSARV: Nærøyfjorden er på UNESCO si verdsarvliste og trekker tusenvis av turistar kvart år.
Foto: Anne Line Nesse Johnsen