Hopp til innhold

Vil løyve éin million kroner til klatreruta

Dei fremste politikarane i Bremanger er ikkje i tvil. Ei klatrerute til topps på fjellet Hornelen vil setje kommunen på kartet. Då sit pengane laust.

Via Ferrata til Hornelen

SLIK KAN DET BLI: Her går den planlagde Via Ferrata-ruta til Hornelen. Den blå streken er mogleg trase for tilkomstveg – den raude er mogleg klatresti (Via Ferrata).

Foto: Visit FjordKysten AS

– Det vart samrøystes vedteke at vi løyver ein million kroner, seier ordførar Audun Åge Røys (H) etter formannskapsmøtet torsdag ettermiddag.

Han understrekar at han ikkje kan forskottere utfallet i kommunestyret som endeleg skal vedta løyvinga. Men signala er klare på at dei vil gå for det same.

– Vi synest dette er eit veldig godt prosjekt, seier Røys.

Det er Visit FjordKysten AS som har lansert planane om ei såkalla Via Ferrata-rute til Hornelen. Dette kan bli den niande Via Ferrataen i Norge, og erfaringane frå mellom anna klatreruta i Loen har inspirert selskapet.

– Vil få store ringverknader

Audun Åge Røys, ordførar i Bremanger

TRUR PÅ JA OGSÅ I KOMMUNESTYRET: Ordførar i Bremanger, Audun Åge Røys.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I Bremanger er politikarane svært positive. Rådmann Tom Joensen har tidlegare sagt at ei klatrerute vil vere eit løft for kommunen og kan ha stor betydning for både bulyst og attraktivitet.

– Heile Bremanger vil kunne dra nytte av dette prosjektet, seier ordførar Røys og meiner prosjektet vil få fleire til å besøke kommunen.

– Dette vil få store ringverknader og heile næringslivet vil dra nytte av det.

Sjølve Via Ferrata-ruta er kostnadsrekna til ein million kroner. Når ein tek med tilrettelegging av andre turstiar i området, parkeringsplassar og servicebygg endar prisen på prosjektet ein stad mellom fire og fem millionar kroner.

– No må næringslivet trø til om dei har trua på dette, er oppmodinga frå ordføraren.

Fryktar for tryggleiken

Marino Ask på fjellet

KRITISK: Marino Ask i Sogn og Fjordane Turlag meiner det vil vere eit for stort inngrep i naturen med ein Via Ferrata opp til Hornelen.

Foto: Henning Hellebust

Prosjektet har ikkje berre fått applaus. Både presidenten i Norske Tindvegledere og Sogn og Fjordane Turlag er kritiske. Dei meiner inngrepet vil kunne øydelegge fjellet som klatremål og landskapsikon.

Marino Ask, leiar i Sogn og Fjordane Turlag, meiner det i utgangspunktet er positivt at Bremanger løyver pengar til friluftslivet i kommunen. Men ei klatrerute i Hornelen er han framleis sterkt kritisk til.

Han meiner Hornelen mest truleg ikkje vil vere eigna for ei Via Ferrata-klatrerute.

– Det skuldast at dette klimatisk er eit særdeles krevjande område, med regn, sterk vind og skodde. Ein kan tenkje seg at ein klatrar seg inn i skodda, og eg er ganske trygg på at ein vil få uheldige situasjonar med tanke på risiko og tryggleik.

– Tryggleiken står i høgsetet

Wenny Irene Hansen, dagleg leiar i Visit FjordKysten AS

FOKUS PÅ TRYGGLEIK: Det seier Wenny Irene Hansen, dagleg leiar i Visit FjordKysten AS.

Foto: Pressefoto

Wenny Irene Hansen, dagleg leiar i Visit FjordKysten AS, er svært glad for formannskapet si innstilling. Ho meiner dette er eit sterkt signal om at kommunen vil satse på reiseliv og trur næringslivet vil følgje etter.

Om skepsisen Marino Ask har for tryggleiken til dei som skal opp i klatreruta seier ho følgjande:

– Vi har ein veldig god og sterk HMS-struktur i prosjektet. Guida turar vil ikkje gå i dårleg vêr. Tryggleiken står i høgsetet, lovar ho.