Regjeringa føreslår nemleg å løyve 320 millionar kroner ekstra til Sjøforsvaret i neste års budsjett. Pengane skal gå til sårt treng vedlikehald av fartøy i forsvaret.
– Dette er eit ekstraordinært tiltak for å sikra at Sjøforsvaret kan halda oppe ein høg operativ evne, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide.
Sjøforsvaret har hatt eit etterslep på vedlikehaldet av fartøya sine, og dette har bygd seg opp over mange år. Det hjelp heller ikkje at kronekursen er så svak at det har gitt Sjøforsvaret ekstrautgift på 36,5 millionar i år. Årsaka er at dei gjer innkjøp i dollar eller euro.
– Kritisk
Utan meir pengar til vedlikehald neste år kunne dette gå hardt utover Sjøforsvaret sitt arbeid. Midt i valkampen kjem altså ein tresifra millionlovnad frå forsvarsministeren.
– Vi har eit moderne og slagkraftig sjøforsvar som har greidd å løysa sine oppdrag trass auka vedlikehaldskostnader. Dette er no begynt å bli kritisk, og regjeringa svarar her klart og tydeleg på ei konkret utfordring, held forsvarsministeren fram.
- LES OGSÅ:
Må spare
I førre veke skreiv NRK om Sjøforsvarets sine befalsskular i Bergen og Stavanger, som no er blitt slått saman. Det sparar dei 15 millionar kroner på. Det kjem godt med sidan Sjøforsvaret er gjenstand for dramatiske kuttforslag frå forsvarssjef Haakon Bruun-Hansen.
- LES OGSÅ:
Bruun-Hansen kom også med ein peikefinger til regjeringa i juni, der han bad om at løyvingane vart auka om Norge skal klara å ha «truverdig og relevant forsvar i framtida».
– Bør komma meir
– Det er godt dokumentert at det er behov for ekstramidlar til vedlikehald av fartøy til Sjøforsvaret. Eg reknar likevel med at forsvarsministeren kjem med fleire midlar til Sjøforsvaret i forslag til statsbudsjett for neste år, seier leiar for Stortingets utanriks- og forsvarskomité, Anniken Huitfeldt frå Arbeiderpartiet
Huitfeldt peikar på at det var gjort kutt for budsjettet inneverande år.
– I budsjettet for i år ble forsvarsministeren påtvungen eit kutt på over 100 millionar. Det kan ikkje skje i budsjettet for neste år, seier ho.