Med stupbratte snødekte fjell, brådjupe blå fjordar og grøne enger har Norge det meste ein filmprodusent kan ønskje seg av natur.
Men Norge har lenge vore eit av få land i Europa som ikkje gir økonomisk støtte til utanlandske filmprodusentar.
Det har gjort til at den norske naturen har blitt valt vekk fordi det blir for dyrt.
Norsk filmbransje har lenge venta på at praksisen skal bli endra, og no kan det sjå ut til at regjeringa vil innføre ei støtteordning.
– Har gått glipp av fleire filmar
Den erfarne produsenten Einar Loftesnes er ein av dei som gler seg over at det no ser ut til å bli ei endring. Han er ikkje i tvil om at Norge har gått glipp av mykje.
– For nokre år sidan var det ein film som heiter «Golden Compass», der produsentane ønskte filme i Norge, fortel Loftesnes som sjølv var med då filmskaparane frå Hollywood leitte etter innspelingsstader i Norge.
Men det vart for dyrt. I staden vart innspelinga flytta til Island.
– Alle dei kreative partane ville vere i Norge, men på grunn av finansieringa var det ikkje mogleg, så den filmen gjekk vi glipp av, seier Loftesnes.
– Den enda med at dei tok stillbilder i norske fjordar, og bygde det opp digitalt og la på dei islandske videobileta, forklarar han.
- LES OGSÅ:
Får betalt tilbake 20 prosent
For det er ingen tvil om at den norske naturen lokkar. Men Norge blir likevel valt fekk fordi det her ikkje finnast ei såkalla incentivordning.
Dette er ei ordning som finst i svært mange andre europeiske land, der filmskaparane får betalt tilbake 20 prosent av produksjonskostnadane frå staten i det landet der produksjonen blir filma.
Sjølv om Norge på denne måten vil bruke pengar på å støtte utanlandske filmar, meiner Loftesnes at dei vil leggje att langt meir pengar.
– Dette vil vere med å løfte vår næring fram til å bli ei inntektsbringande næring både for filmbransjen og for turistnæringa, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Eit næringstiltak
Og frå neste år kan det skje noko. Då skal nemleg den blåblå regjeringa ta stilling til om ei slik støtteordning skal innførast også her til lands.
Kulturministeren har gitt klare signal på at ho ønskjer å få fleire utanlandske produksjonar til Norge, signal Loftesnes gler seg over.
– Det er veldig bra at kulturministeren er positiv til det. I vår bransje meiner vi dette er eit næringstiltak, og at det ikkje nødvendigvis er eit kulturpolitisk spørsmål.
I Hollywood er norsk historie i vinden som aldri før. History Channel lagar akkurat no, i samarbeid med TV-giganten HBO, ein serie som heiter «Vikings».
Serien handlar om norrøne krigarar, men vart ikkje filma i Norge. I staden vart den filma i Irland, eit land der dei har ei slik incentivordning.
- LES OGSÅ:
– Jobbar for ei løysing
Statssekretær Knut Olav Åmås i Kulturdepartementet er klar på at regjeringa no vil jobbe for å lokke Hollywood til Norge. Og då er nettopp ei økonomisk støtteordning eit godt alternativ.
– Det er eit klart mål at meir utanlandsk filmproduksjon bør skje i Norge. Vi skal også leggje forholda betre til rette for at norske filmprodusentar som ønskjer filme i Norge skal gjere det.
– Ein eller anna form for økonomisk incentiv vil nok vere nøkkelen til dette, seier Åmås.
I ei utgreiing Kulturdepartementet har ute på høyring no, har eit analyseselskap gått gjennom kor lur ei slik støtteordning vil vere.
(Artikkelen held fram under)
Uvisst om det er samfunnsøkonomisk lønsamt
Analysen seier det er usikkert om ei incentivordning vil vere samfunnsøkonomisk lønsam på lang sikt. Men om det blir innført, vil det styrke norsk film- og TV-produksjon.
No vil Kulturdepartementet vente på tilbakemelding på høyringa frå filmbransjen før dei bestemmer seg. Svaret er venta kome i løpet av våren neste år.
– Vi har ikkje teke ei avgjerd enno om kva som eventuelt vil gjere, men vi vil framleis jobbe så raskt som mogleg.
– Den utgreiinga vi har gjort brukte vi berre nokre veker på, så vi har handla raskt. Og vi skjønnar ikkje kvifor dei raudgrøne let denne saka ligge i fleire år, seier statssekretæren.
– Dette må på plass
Filmprodusent Einar Loftesnes meiner det er tull at ei incentivordning ikkje vil vere lønsam. Han ivrar for at ei ordning kjem på plass, og det fortast mogleg.
– Alle har jo dette etter kvart. Det er berre Norge, Sverige, Danmark og Finland som står utanfor snart. Så dette må vi berre få på plass, så raskt som mogleg, seier han.